VERKAR Å HA GLØYMT: Henny-Kristin Asperanden Navarsete meiner regjeringa har gløymt samfunnsoppdraget til Statens vegvesen.
VERKAR Å HA GLØYMT: Henny-Kristin Asperanden Navarsete meiner regjeringa har gløymt samfunnsoppdraget til Statens vegvesen. (privat)

MEININGAR

Frå Nullvisjon til kapitulasjon

Det er framleis for mange som mistar livet i trafikken, men vår evne til å arbeide mot nullvisjonen, med målet om null drepne og null hardt skadde i trafikken vert vengeklypt.

Meiningar: I høgreregjeringa sitt budsjettforslag for 2021 vert budsjettet til Statens vegvesen (SVV) ytterlegare redusert. Regjeringa held fram med å dele opp og pulverisere ansvaret for vegområdet i tråd med modellen har dei brukt i den direktørtunge jernbanesektoren. 

I pressemeldinga i høve statsbudsjettet hevdar regjeringa at dei med ei kraftfull satsing på samferdsel skapar grunnlag for å trygga og skapa nye arbeidsplassar over heile landet. Samstundes aukar dei budsjettet for Nye Veier AS som førte 40,6% av verdien av kontraktane sine til utlandet i 2019. For Statens vegvesen var dette talet 5,5% same år.

Regjeringa er berre opptatt av kutt i løn

Høgreregjeringa verkar å ha gløymt samfunnsoppdraget til SVV. Me opplever ikkje at dei spør etter betre tenester, betre kvalitet eller betre resultat. Det einaste regjeringa verkar å vera opptekne av er kutt i lønsbudsjett. At SVV har vorte pålagt å redusere bemanninga vår og difor må leige inn konsulenttenester til 3 gonger prisen av ein eigen tilsett verkar å vera ei målsetjing for regjeringa.

Noreg har vore best på trafikktryggleik i Europa fem år på rad. I 2019 var det ingen barn under 16 år som mista livet i trafikken i Noreg. NTL Veg vil påstå at dette er eit resultat av ein vegetat som har hatt eit heilskapsansvar innan veg, trafikant og køyretøy. Gjennom solide og dyktige fagfolk har me utvikla ein tenkande organisasjon med ein etatskompetanse som er langt større enn summen av utdanninga dei tilsette har. Nullvisjonen ligg til grunn for alt vårt arbeid.

Forstår ikkje verdien

Mykje av den opparbeidde etatskompetansen går tapt når tilsette vert erstatta av innleigde. Innleigde representerer ein flyktig kompetanse som forsvinn ut av etaten den dagen konsulentfirmaet har fått oppgjeret sitt. Ein tilsett tek kompetansen med seg frå prosjekt til prosjekt og overfører kompetanse til kollegaer og ikkje minst til nytilsette. Denne verdien verkar det ikkje som regjeringa forstår.

HELD FRAM: Regjeringa held fram med å dele opp og pulverisere ansvaret for vegområdet i tråd med modellen har dei brukt i den direktørtunge jernbanesektoren. Foto:  Sunniva Knutsen / Arkiv

For å nå Nullvisjonen trengs det, i tillegg til eit kompetent og dyktig Statens vegvesen, politisk vilje og evne til å satsa på deira viktigaste kort innan trafikktryggleik.

Regjeringa effektuerte regionreforma og nedlegginga av SAMS vegadministrasjon. Dei 11 fylkeskommunane fekk ansvar for å byggja opp kvar sin eigen administrasjon og kompetanse for å ta ansvar for fylkesvegane. Ansvaret for riksvegane vart att i SVV. Nye Veier A/S hadde allereie fått ansvaret for utbygging av fleire vegprosjekt.

Må ha god infrastruktur

For at me skal kunne ta heile landet i bruk er me avhengige av god infrastruktur. Slik vert det lagt til rette for verdiskaping og beredskap der folk bur. Samfunnssikkerheit og beredskap må vera det offentlege sitt ansvar. Me er avhengige av eit ope og trygt vegnett for å få folk, varer og naudetatar fram. Med mange ulike aktørar som SVV, OPS-prosjekt, Nye Veier AS og 11 fylkeskommunar er det no ei saleg blanding og samsutl. Ansvaret for vegnettet er delt, for beredskapen like så.

NTL vil ha trygge, kostnadseffektive løysingar på vegnettet vårt, med kompetente fagmiljø over heile landet. Me vil ha kompetanse og sysselsetting i distrikta. Me vil ha god framkome på trygge vegar og beredskap der folk bur. Me ser derimot at regjeringa vil noko anna.

Me håpar at opposisjonen i Stortinget er vakne og forsøker å ordna opp i budsjettframlegget frå høgreregjeringa.

Til toppen