Sogndal: Det betyr at kommunehusa må vere klare til å ta imot brudepar som ønskjer å gifte seg borgerleg når dei nye reglane trer i kraft.
– At eg ein dag skulle vigsla folk hadde eg aldri førestilt meg då eg starta i politikken, seier Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal.

Han opplyste om lovendringa i torsdagens kommunestyre til munter humring i salen. For kven som får vigselsretten er opp til kommunestyret å bestemme. Moglege kandidatar omfattar ordførarar, varaordførarar, kommunalt tilsette eller folkevalde.
– No lyt me reflektera litt saman, finne gode rutinar og ei god ramme på kommunehusa, for dette er den mest høgtidssame dagen i dei fleste sine liv, seier Aarvoll.
Fredag skal han i møte med resten av ordførarkollegaane i regionrådet. Der blir endringa i ekteskapslova eitt av temaa dei skal diskutere.
– Me skal nok finna gode løysingar på det. Ivar Kvalen (ordførar i Luster journ. anm.) har allereie fått sin første førespurnad, så eg reknar med han allereie har starta planlegginga, seier Aarvoll.