Årdal: – Det blir masse lyd her. Me håpar mykje folk tek turen kvar kveld, seier kantor Bert Brons.
Til veka arrangerer Øvre Årdal Sokneråd Kulturveke i Farnes Kyrkje for ellevte gong. Det startar alt søndag med "Ung messe" og går derette slag i slag; korpskveld måndag, korkveld tysdag, kyrkjerotteteater og minikonsert onsdag, Kultur- og musikkskulen torsdag og Eldre treff fredag.
– Alle arrangement er opne for alle, seier leiar i Øvre Årdal Sokneråd, Inger Karlsen.
– Så sjølv om du er ung kan du altså koma på Eldretreffet fredag, påpeiker Brons.
– Har framleis litt opera i kroppen
Det startar altså for alvor måndag. Gloppen Kulturskules Slagverk Ensemble møter Farnes Skulemusikk, Årdalstangen Musikklag, Flåm Musikklag og Øvre Årdal Janitsjarkorps.
– Då blir det masse lyd her i kyrkjerommet. Me er veldig glade for å få Gloppen Kulturskules Slagverk Ensemble heilt hit, seier Brons.
Tysdag skal Årdal gospelkor, Årdalskoret, Lærdal songkor og kantor Freek Ypma i aksjon saman med klassisk sangar Helga Farestveit.
– Me har framleis litt opera i kroppen etter at me hadde eitt av verdas beste kor her i sommar. Det blir eit breitt spekter frå meir klassisk opera til Sting sin «Fields of gold», seier Brons.
Han viser til at «Chor der Wiener Staatsoper» heldt konsert i Farnes kyrkje i sommar, og at den klassiske sangaren Helga Farestveit frå Sogndal held ein konsert i same sjanger saman med lokale kor under Kulturveka.
– Passar godt med kultur innandørs no når det byrjar å bli mørkt
– Onsdag blir veldig spennande - då fyller me heile kyrkja med born frå Årdal, fortel Brons.
I tillegg til konsert med dei aller minste i Solsikka og Miniklubben kjem det omreisande teateropplegget «Kirkerottene» med stykkjet «Kirkerottene og Lea Mus».
Torsdag er kultur- og musikkskulen sin dag under temaet «Autumn leaves» før eldretreffet fredag - der altså også yngre er velkomne - avrundar Kulturveka med bilete frå Årdal i etterkrigstida med tittelen «Då Årdal blei til».
– Me plar halda kulturveka i siste del av oktober fordi det er midt mellom sommar og jul. Kora og korpsa har fått tid på seg etter oppstart i august og det er før førebuingane til julekonsertane startar. I tillegg går me inn i den mørke årstida, og då passar det godt med litt kultur innandørs, avsluttar Brons.