ALLSIDIGE: Good Time Charlie spelar fem konsertar i Årdal og Lærdal frå fredag til måndag med vidt spenn i publikumstilfanget. Foto: Oddleiv Apneseth
ALLSIDIGE: Good Time Charlie spelar fem konsertar i Årdal og Lærdal frå fredag til måndag med vidt spenn i publikumstilfanget. Foto: Oddleiv Apneseth

Frå opningsfest på pub til barnehagekonsert

- Der har du Good Time Charlie, seier frontfigur Arle Hjelmeland.

Årdal/Lærdal: Bandet frå Førde og Bergen spelar hovudsakleg rythm & blues, men har også gitt ut plater som dreg meir mot soul og savage-rock. Frå fredag til måndag spelar dei fem konsertar i Lærdal og Årdal:

  • Fredag 10 mars kl 2200: Lærdalsøren Hotell, Pub og Kafè
  • Laurdag 11 mars kl 1600: Familiekonsert i Lærdal kulturhus med elevar frå Lærdal musikkskule
  • Laurdag 11 mars kl 2200: konsert, Strondi, Klingenberg Hotel
  • Måndag 13 mars kl 1200: barnehagekonsert i Årdal kulturhus
  • Måndag 13 mars kl 1800: 40 års- jubileumskonsert med Årdal musikk og kulturskule i Årdal kulturhus.

- Det er veldig gøy at me når ut til så mange, seier Hjelmeland.

- Steget frå å spela for feststemde lærdøler til barnehagekonsert høyrest stort ut?

- Der har du Good Time Charlie. Det har alltid vore gøy å spela i Sogn, og spesielt når me har eit så stort opplegg.

Les også: No er han klar til storinnrykk

- Ikkje "lalling" når me spelar for born

Dei har åtte plater i diskografien, og er no aktuell med ny utgjeving, "Diamonds". I 2013 gav dei også ut ei barneplate. 

Likevel tykkjer ikkje Hjelmeland det er noko kvantesteg å halda konsertar med såpass ulikt publikum som dei trass alt kjem til å ha under konsertane i Sogn denne utvida helga

- Det er ganske likt, eigentleg. Me gir det me har uansett, det er ikkje "lalling" når me spelar for born. Veldig mange born likar ekte musikk. Skilnaden er kanskje at det er enormt viktig at ein held fokus på borna mellom låtane når ein held slike konsertar - å viska ut avstanden mellom scena og salen. 

- Så de dreg ikkje opp ein labbetuss-figur under ein barnehagekonsert?

- Me gjer ikkje det; borna må takast på alvor. Det går i ganske rett-på-tema,  som å finna sin eigen stil og at ein er kul sjølv om ein skil seg ut. Me har ein bodskap til dei også

Til toppen