CRUISEKLARE: Ser du føre deg denne gjengen i badeshorts på eit cruisedekk under den karibiske sola med kvar sin paraplydrink i handa? Nei vel, men slik blir det altså i februar. Frå venstre: Stian Bakketeig (Strom, gitar), Jarle Kvåle (Hváll, bass), Jørn Holen (Steingrim, trommer) og Sture Dingsøyr (Sture, gitasr og vokal). Pressefoto.
CRUISEKLARE: Ser du føre deg denne gjengen i badeshorts på eit cruisedekk under den karibiske sola med kvar sin paraplydrink i handa? Nei vel, men slik blir det altså i februar. Frå venstre: Stian Bakketeig (Strom, gitar), Jarle Kvåle (Hváll, bass), Jørn Holen (Steingrim, trommer) og Sture Dingsøyr (Sture, gitasr og vokal). Pressefoto.

Frå øving i fjøsen til cruisefestival i Karibien

Svartmetalbandet Vreid er ikkje bekymra for ryktet som tøffe vikingar når dei i februar går på scena under festivalen "70 000 tons of metal".

Sogndal: – Dette er heilt innanfor. Det er jo ikkje danskebåten eller eit "Paradise-Hotell-klientell" som er ombord.  så det skal gå fint. Me deler jo scene med klassiske band som Anthrax og Testament, og skal klara å koma frå det med både æra i behold og ryktet intakt, seier Jørn Holen.

Han er trommis i Black metal-bandet Vreid. Dei hardtrockande sogndølene går  interessante og særs varierte månader i møte. Først skal dei på europaturné no i oktober, og frå 2-6.februar ventar ein festival i eksotiske omgjevnader.  

– Sjølv om det er vreng i gitaren og doble basstrommer så er me  - tru det eller ei - glade i sol, varme, paraplydrinkar og andre ting som høyrer heime der borte.

– Kva var oddsen for at me skulle hamna der?

Holen snakkar om Karibien. På eit 70 0000 tonn tungt skip skal metalfans og -band samlast til fem februardagar med den noko originale kombinasjonen cruise og blytung metal. 

– He he, ja - det er spesielt. Eg sa det til Jarle (Kvåle, bassist i Vreid) for litt sidan; kva var oddsen for at me skulle hamna der? Hadde nokon sagt det til oss då me sat heime i øvingslokalet i fjøsen til foreldra mine for tjue år sidan - at me skulle spela på eit av verdas største cruiseskip i Karibien i 2017 - hadde eg rekvirert ein billett til mentalinstitusjon, seier Holen.

Men skipet "The independence of the seas" har vorte ein metalinstitusjon - festivalen "70 000 tons of metal" starta opp i 2011 og er vorte ein stor suksess. Dei fleste billettkategoriane for 2017-utgåva av festivalen er utselde, og i tillegg til nemnde store metalnamn, går også band som Arch Enemy, Kamelot og tidlegare Scorpions-gitarist Uli Jon Roth på cruisescena når skipet seglar Miami - Haiti tur/retur.

På turné med spellemannvinnar

Før paraplydrinkar, blått hav og sol ventar sogndølene i februar står ein turné av den meir tradisjonelle sorten for tur. Saman med Kampfar legg Vreid ut på tur nedover eige kontinent.

Turneen startar 14.oktober på Hulen i Bergen - så ventar konsertar i Tyskland, Sveits, Frankrike, Belgia, Nederland, England og Danmark før dei avsluttar på John Dee i Oslo 28.oktober. Vreid har fått godt fotfeste i Europa, det same gjeld for Kampfar. Sistnemnde vann også Spellemannprisen i fjor. 

– Me store forventingar, både til turneen i seg sjølv, konsertane - ja heile "pakka". Me har og med Dreamarcher som oppvarmingsband. Det blir stas å reise ut med Kampfar att, det er om lag fem år sidan sist me turnerte med dei, seier Holen. 

– Kva tykkjer de sjølve om Kampfar?

– Ein gjeng med sullikar! Nei då - i tillegg til å vera eit kjempeband, ikkje minst live, er det flotte folk. Me har kjent dei lenge, og har god kjemi. I tillegg har dei jo lustringen Ole Hartvigsen på gitar. Han går berre under navnet "Lustrakongen" når me er på tur, eit namn han kler godt.

Japanturné og arbeid med ny plate

For nøyaktig eitt år sidan kom sogndølene med albumet "Sólverv". Kvartetten har hatt det med å gi ut nye plater anna kvart år, så då skulle ein tru nytt materiale var på treppene i løpet av 2017.

– Me har byrja så smått å planleggja litt førearbeid i studio i haust, litt pre-produksjon og slikt, og skal få til dette mellom turnéslaga. Me skal og ein tur til Japan i november. Uansett, neste år blir det igjen fokus på studioarbeid og ny plate. Om den kjem ut i løpet av 2017 gjenstår å sjå, men no er me minna om det - så då må me vel berre henga i, avsluttar Holen.

Til toppen