STARTEN: Dei to sjåførane med to lokale politimenn som har forsegla tanklokket. FOTO: Privat
STARTEN: Dei to sjåførane med to lokale politimenn som har forsegla tanklokket. FOTO: Privat

Frå polarsirkelen på sparebluss – i ein Mustang

Aldri tidlegare har nokon køyrt over 1000 kilometer i ein Ford Mustang på éin tank.

Etter nitid testkøyring av Fords nye Mustang-modell, sette Knut Wilthil og Henrik Borchgrevink nyleg av garde frå polarsirkelen med frontlyktene retta mot Oslo.

– Mykje av arbeidet er førebuingar. Vi studerer for eksempel kvart einaste vegkryss på førehand, slik at vi kan planleggje korleis vi skal passere det utan at vi må justere farten. Det er jo klart at det blir litt sært, men det er detaljane som tel, seier Borchgrevink.

Køyrestilen er sentral for å klare minst mogleg forbruk. Dei stoppar berre i nedoverbakke dersom dei må på toalettet eller ha eit sjåførbyte, slik at dei kan trille i gang med minst mogleg motorkraft. Dei sver også til cruisekontrollen, og ligg helst unna bremsepedalen i nedoverbakkar, for å byggje opp fart til neste oppoverbakke.

Mustang-modellen dei køyrde, har ein 2,3 liters motor med 317 hestekrefter. Fabrikken oppgir 0,8 liter bensin per mil som snittforbruk, og med ein tank på 59 liter betyr det 74 mil. Med andre ord eit godt stykke unna målet for dei to sjåførane.

Artikkelen held fram under biletet

OPTIMISTAR: Dei to sjåførane før dei drog mot polarsirkelen. Då var målet å klare 1000 kilometer.
OPTIMISTAR: Dei to sjåførane før dei drog mot polarsirkelen. Då var målet å klare 1000 kilometer.

Ikkje første gong

Dette er langt frå første gong dei to kollegaene frå Avinor set av delar av sommarferien til økokøyring. Det heile starta i 2010, då dei køyrde frå Oslo til Kirkenes med ein Ford Mondeo, på éin tank. Sidan den gong har dei to kompisane gjerne brukt ferien sin til økokøyring.

– Det heile begynte med at vi var nysgjerrige på kor lite drivstoff det er mogleg å bruke, og svaret er: Veldig lite, seier Wilthil.

I forkant av turen køyrer dei ei rad testar, for å finne ut kva fart som er mest gunstig. For Mustangens del er det 65 kilometer i timen i oppoverbakke og 63 kilometer i timen på flatmark.

Eit godt stykke unna det ein vil forvente av ein slik bil på motorveg.

– Vi er flinke til å sleppe forbi andre bilistar. Men det er påfallande kor ofte vi tar igjen dei same bilane ved ferjeleie eller stadar der det er vegarbeid, seier Borchgrevink.

Farten har også ein annan synleg effekt.

Artikkelen held fram under biletet

TOMT: I nærleiken av Kragerø var det tomt. Politiet kontrollerer at forseglinga ikkje er broten.
TOMT: I nærleiken av Kragerø var det tomt. Politiet kontrollerer at forseglinga ikkje er broten.

Insekt

– På veg opp til polarsirkelen, då vi ikkje tok omsyn til forbruket, vart bilen full av insekt, og vi måtte skrubbe han rein. Då vi kom til Kragerø, var det knapt eit insekt på bilen. I ein gitt fart blir det ei luftlomme rundt bilen, seier Wilthil.

Då vi møter dei seint på kvelden vel eitt døgn etter at dei starta, viser det seg at Oslo var eit altfor beskjedent mål. Bilen stoppa ved Kragerø. 1249 kilometer frå polarsirkelen. Det betyr at den 317 hestekrefter sterke bilen brukte 0.49 liter på mila.

– Det gjekk mykje betre enn forventa, og stemninga i bilen var svært god då vi såg at dette gjekk vegen, seier Wilthil.

Vêrforholda var perfekte med opphaldsvêr heile vegen, men dei fekk også nokre nye opplevingar som var relaterte til den store og raude sportsbilen.

Artikkelen held fram under biletet

I MÅL: Knut Wilthil og Henrik Borchgrevink kom mykje lenger enn dei trudde på førehand.
I MÅL: Knut Wilthil og Henrik Borchgrevink kom mykje lenger enn dei trudde på førehand.

Stoppa av politiet

– Vi vart stoppa av politiet. Nokre lokale heltar hadde sett to karar i ein Ford Mustang som køyrde så seint at dei meinte det måtte vere promille det var snakk om. Det kunne jo ikkje vere edru folk som køyrer sånn i ein Mustang. Det var etter sju mil av turen, seier Borchgrevink.

Utfordringa denne gongen var større mentalt enn dei har vore vande til tidlegare når dei har køyrt bilar som Ford Mondeo og Fiesta.

– Alle som ser oss, trur jo at vi skal dra på, og ein vil jo på ein måte innfri forventningane. Det krev disiplin å halde seg til planen.

Bilen gjer null til hundre på 5,8 sekund, noko Wilthil og Borchgrevink ikkje tok omsyn til på ferda sørover. Det vart litt meir sus i serken då dei var på veg heim etter turen.

– Ein blir faktisk omvendt fartsblind. På veg heim igjen, i ein tunnel, trudde eg Knut hadde mista kontrollen fullstendig, at han grisekøyrde. Han låg i 110. Det verka heilt ekstremt, seier Borchgrevink.

Kva som bli neste prosjekt har dei ingen idé om, men seier dei likar ei utfordring.

– Kanskje ein superbil?, seier Borchgrevink.

– Den må vi i så fall ha lenge, det ville krevje svært mykje testing i forkant, seier Wilthil.

 

 

Til toppen