VARIERT: Medan Ronja Hovland frå Årdal stilte med fotografiet «Gjennom dei to veri», song lærdølen TJ Hamre «512» av metalbandet Lamb of god under UKM-festivalen i Høyanger denne helga. Foto: Ronja Hovland/Sara Lysgård, UKM Media, Sogn og Fjordane fylkeskommune
VARIERT: Medan Ronja Hovland frå Årdal stilte med fotografiet «Gjennom dei to veri», song lærdølen TJ Hamre «512» av metalbandet Lamb of god under UKM-festivalen i Høyanger denne helga. Foto: Ronja Hovland/Sara Lysgård, UKM Media, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Frå progressiv metal til vakre landskapsfoto

Over 40 ungdommar frå Årdal, Sogndal, Lærdal og Aurland har vore i sving under UKM-festivalen i Høyanger denne helga. Og dei kunstneriske uttrykka spenner vidt.

Indre Sogn/Sogndal: – Det har vore kjempekjekt. Me har spelt både på UKM- scena og i kyrkja i Høyanger. Så det har gått i eitt med to lydprøvar og to konsertar på ein dag. Men det gjekk veldig greitt, seier Selina Gram.

Ho er med i bandet «MAS» frå Årdal, som framførte låta «Waves» under helgas UKM-festival i Sogn og Fjordane, som gjekk av stabelen i Høyangerhallen.

– Koste oss når me kom på scena

– Me er tre jenter som har øvd fast i tre månader. Etter at me melde oss inn i Hugin har me øvd fleire gonger i veka. Hovudsakleg covrar me låtar, men me prøver å laga eigne versjonar, seier Gram.

– Var de nervøse no når det spelte i Høyanger?

– Me følte det gjekk veldig bra, og det var masse publikum, Og det gjekk fint med nervene også. Rett nok var me veldig nervøse først, men me koste oss når kom på scena.

Den nasjonale UKM-festivalen blir arrangert i Sandnes i slutten av juni. Nokre frå fylkesfestivalen i Høyanger blir plukka ut til å delta der, men det tenkjer ikkje Gram så mykje på.

– Det hadde jo vore kjempekjekt å gå vidare, men det er ganske mange flinke her. Så om me går vidare tenkjer me ikkje så mykje på. 

– Eit motiv blir noko heilt anna

Frå Indre Sogn og Sogndal har det til saman vore 25 innslag (sjå liste under) i Høyanger; om lag halvparten musikk og halvparten kunst/foto. Dei kunstneriske uttrykka spenner vidt; medan lærdalsbandet «Ananas» gjorde sin versjon av Metallica-låta «Nothing else matters» og TJ Hamre drog til med progressiv metal, har Ronja Hovland frå Årdal stilt ut fotografiet sitt «Gjennom dei to veri». 

GJENNOM DEI TO VERI: Klikk på plussteiknet for å sjå biletet større.
GJENNOM DEI TO VERI: Klikk på plussteiknet for å sjå biletet større.

– Det har vore kjekt. Eg var der då utstillinga opna, og det ser ut til at ein god del har sett på biletet. Det skil seg jo ut, kan du seia.

Hovland har teke eit flott foto av Seimsdalen frå Vikadalen i vinterskrud og teke av litt fargar i redigeringsprosessen.

– Kva er så artig med å ta og redigera bilete?

– Du ser korleis du kan ein endra eit bilete med eit motiv til å bli noko heilt anna.

Følgjande artistar, kunstnarar og fotografar har vore i sving i helga, ifølgje UKM-festivalen:

Årdal:

Musikk:

  • Band: Trump Tribute band. Medlemmar: Hermann Vigdal- Øren, Lisa Horpen, Odd Harald Larsen, Tomine Jevnaker, Tor Gikling. Låt: The lonely duck
  • Band: MAS.  Medlemmar: Aurora Holsæter, Matilde Dvergedal, Selina Gram. Låt: Wawes
  • Band: Cactus. Medlemmar: Anna Jevnaker Asperheim, Beatrice Juskaite. Låt: Redbone

Artikkelen held fram under biletet

Cactus
CACTUS: Årdølene Anna Jevnaker Asperheim og Beatrice Juskaite under UKM-festivalen i Høyanger. Foto: Sara Lysgård, UKM Media, Sogn og Fjordane fylkeskommune
 

Kunst og foto:

  • Kunstnar: Tiril Gjevnaker Grytbakk. Kunstverk: «Liten kattepus»
  • Kunstnar: Frida Lida. Kunstverk: Hen + Dans: Alan Walker – Faded
  • Fotograf: Ronja Hovland. Fotografi: Gjenommm dei to veri
  • Kunstnar: Selina  Barsnes. Kunstverk: Darkness

Sogndal:

Musikk:

  • Band: Gjest Kvåle Band. Medlemmar: Gjest Kvåle, Gunn Marit Kvåle, Jacob Årøy, Ole Kristian Flåten Låt: Ukjent
  • Band: Oddbjørn Litlabø & Eirik Andreas Albertesen. Medlemmar: Oddbjørn Litlabø og Eirik Andreas Albertesen. Låt: Då me unge var
  • Artist: Peter Sætre. Låt: Frå Pirates of the Caribbean
  • Band: Potetica. Medlemmar: Eirik Håvik, Gjest Kvåle, Sondre Anda Skjæret. Låt: Instrumental medley

Artikkelen held fram under biletet

PETER SÆTRE I AKSJON: Med eit stykke frå Prates of the caribbean. 
PETER SÆTRE I AKSJON: Med eit stykke frå Prates of the caribbean. 

Kunst og foto:

  • Kunstnar: Simen Osland Romstad. Kunstverk: Kongle
  • Fotograf: Oddbbjørn Litlabø. Foto: Framtida

Lærdal:

Musikk:

Band: Fjernlys. Medlemmar: Aksel Norstrand Bøkenes, Gard Hunderi, Jon Darri Reehaug, Markus Sørensen. Låt: Best friend 

Artist: Amalie Forthun Grøthe. Låt: Russian Roulette 

Band: Ananas: Medlemmar: Inger-Johanne Kaardal, Mathilde Grøttebø, Sindre Bentås, Synne Bentås, Taavi-Tophias Henell. Låt: Nothing else matters

Artist: TJ Hamre. Låt: 512 

Artikkelen held fram under biletet

ANANAS I AKSJON: Beståande av: Inger-Johanne Kaardal, Mathilde Grøttebø, Sindre Bentås, Synne Bentås, Taavi-Tophias Henell. 
ANANAS I AKSJON: Beståande av: Inger-Johanne Kaardal, Mathilde Grøttebø, Sindre Bentås, Synne Bentås, Taavi-Tophias Henell. 

Kunst og foto:

Kunstnar: Inger-Johanne Kaardal. Kunsverk: Ekko av vatn og Ugler i mosen

Kunstnar: Jorunn Grøndal. Kunstverk: Glasshuset

Kunstnar: Margit Brooks. Kunstverk: Dansar

Kunstnar: Sofie Flåten. Kunstverk: Hus frå gamle Lærdalsøyri

Aurland:

Musikk:

Band: Kine og Emilie. Medlemmar: Emilie Djønne og Kine Haugeplass Låt: Scared to be lonely

Artikkelen held fram under biletet

SCARED TO BE LONELY: Framført av Emilie Djønne og Kine Haugeplass.
SCARED TO BE LONELY: Framført av Emilie Djønne og Kine Haugeplass.

Kunst og foto:
 

Kunstnar: Anja Ryabinina. Kunstverk: Unknown darkness og Royal creature

Fotograf: Julie Aksnes Williams. Foto: Bryggen

Kunstnar: Kine Haugeplass. Kunstverk: Eiffeltårnet

Til toppen