SOSIALT: Astrid Vedvei (f.v) og Ingrid Eraker passar kassa denne andre onsdagen bruktbutikken på «Doktorheimen» er open for publikum. Dei inviterer også dei som er innom på peparkaker og kaffi. Foto: Ina Eirin Eliassen
SOSIALT: Astrid Vedvei (f.v) og Ingrid Eraker passar kassa denne andre onsdagen bruktbutikken på «Doktorheimen» er open for publikum. Dei inviterer også dei som er innom på peparkaker og kaffi. Foto: Ina Eirin Eliassen

Frå roteloft til skattkammer med meining

Den som leitar den finn. Men i den nyopna bruktbutikken på «Doktorheimen» på Lærdalsøyri, treng ein jammen ikkje leite lenge. 

NÅDDE MÅLET: Frøydis Helland, som jobbar i psykiatritenesta i kommunen, men denne gongen i rolla som frivillig med prosjektet bruktbutikk i andre etasje på «Doktorheimen».
Foto: Ina Eirin Eliassen

Lærdal: På slutten av november tok Frøydis Helland initiativ til dugnad for å rydde og organisere alt som fantes etter brannen, i tillegg til å samle inn varme klede til flyktningar, på loftet av fleirbruks- og aktivitetshuset «Doktorheimen​». På ein kveld fekk dei mykje betre oversikt over alt som fylte romma frå golv til tak.

Men på det tidspunktet var ikkje Helland heilt sikker på kvar vegen vidare skulle gå. 

Nyopna bruktbutikk

Men det gjekk ikkje mange dagane før Helland fekk tenkt seg om og bestemt seg. Ho sette seg mål om å opne bruktbutikken 2. desember, noko som betydde mange timar på kveldstid, då ho er i full jobb ved sidan av. Men med god hjelp frå brukarane av «Doktorheimen» til rydding, omorganisering, bering og til nokre målingsstrøk, så nådde dei fristen.

Då Porten.no kom opp trappa onsdag ettermiddag, liknar det ikkje på sist møte som berre var for få veker sidan. Fire rom er no via til leiker og utstyr til barn, nokre kjøkenartiklar, og til klede og sko til store som små. 

Artikkelen held fram under biletet.

OM ATT: Nytt og gamalt som folk ikkje har hatt bruk for lenger, kan no få ein ny eigar.
Foto: Ina Eirin Eliassen

Sosial møteplass for integrering

– Også no som det er jul, har ein her ein moglegheit til å finne gåver, eller skattar. Me sett prisane lågt, slik at me blir kvitt tinga og kleda att raskt. Me har også fått inn ein del ting etter me opna, og meininga er at det skal sirkulere, fortel ho. 

Dette er eit prosjekt for dei ulike brukarane av «Doktorheimen​», der inntektene går til integrering og sosiale tilstellingar på huset. 

– Det er moro når ein draum blir verkeleggjort. Det handlar om å setta seg eitt mål,  jobbe og strekke seg for å nå målet og å sjå at det går an å få det til. Det er noko som gir livskvalitet og meining. Me opna sist onsdag og hadde over 20 besøkande. Dette skal vera eit tilbod som er for alle, då integrering er så mangt, seier Helland. 

– Vore arbeidsamt, men moro

Ingrid Eraker, er nesten ferdig med det første skiftet bak kassa denne dagen før ho får avløysing av Astrid Vidvei. ​

Eraker fortel at ho var litt i stuss på prosjektet dei første dagane, men tenkte at ho fekk no sjå korleis dette kom til å gå. No er ho nøgd og trygg i trua på at prosjektet er liv laga. 

– Det er fint at me no får eit slikt tilbod i Lærdal også. Det er også kjekt at folk tykkjer me har så mykje fint, seier ho. 

Likevel legg ikkje Eraker skjul på at det har vore arbeidsamt å få bruktbutikken i stand, men også mykje moro. 

Artikkelen held fram under biletet

TRENG DU EI SKJORTE ELLER JAKKE? Ole Magnar Grytten syner fram noko av det du kan finne på bruktbutikken på «Doktorheimen». 
TRENG DU EI SKJORTE ELLER JAKKE? Ole Magnar Grytten syner fram noko av det du kan finne på bruktbutikken på «Doktorheimen». 

– Dette var proft, seier Ole Magnar Grytten til Helland, då han kjem opp og ser juleutstillinga. Når han ser seg rundt i etasjen no, ser han stor forskjell frå då dei starta opp med å laga til bruktbutikken.

Grytten har jobba i butikk og tykkjer det er kjekt å få vera med på eit slikt prosjekt. Han likar også denne typen gjenbruk, då det er bra for miljøet å ikkje berre kjøpa nytt. 

ONSDAGAR: Andre etasje på «Doktorheimen» er no både ein møteplass og ein stad du kan finne skattar til ein billig penge. Dei tek også imot ting du ikkje lenger har bruk for.
ONSDAGAR: Andre etasje på «Doktorheimen» er no både ein møteplass og ein stad du kan finne skattar til ein billig penge. Dei tek også imot ting du ikkje lenger har bruk for.

Han oppmodar no først og fremst lærdølene til å ta seg ein tur for å sjå. Men om også andre har lyst, er alle hjarteleg velkomne. 

Kvar onsdag framover er butikken open, med unntak av vesle julaftan, då er det kortare opningstid og i romjula er det stengt. 

– Folk som er innom kjem fordi dei er nysgjerrige, men det er sjeldan dei reiser att utan å ha med seg noko. I tillegg har eg gøymd unna nokre godbitar, slik at me kan fylle på med fleire skattar etterkvart, fortel Helland. 

Til toppen