GARDSIDYLL: Ved sida av låven har Kenneth Ingebretsen og Tommy Tønsberg laga ein hagedam med gullfisk og frodig planteliv. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix
GARDSIDYLL: Ved sida av låven har Kenneth Ingebretsen og Tommy Tønsberg laga ein hagedam med gullfisk og frodig planteliv. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Frå småbruk til hagedraum

Tommy Tønsberg og Kenneth Ingebretsen har gjort eit vanleg småbruk om til ein frodig og annleis hage.

  • Endret

– Då vi flytta hit for seks år sidan, var det berre grasplen og nokre buskar her, seier Tommy Tønsberg, der han står saman med Kenneth Ingebretsen i hagen deira på Holter i Nannestad ein drypande våt julidag.

Artikkelen held fram under biletet

NYTTEVEKSTAR: Kjøkkenhagen gir grøne tilskot til matlaginga. Her hjelp Kenneth Ingebretsen bønnene i ferda oppover bambusrøyra. 
NYTTEVEKSTAR: Kjøkkenhagen gir grøne tilskot til matlaginga. Her hjelp Kenneth Ingebretsen bønnene i ferda oppover bambusrøyra. 

Trass vêret er det liten tvil om at småbruket har ein langt meir fargerik hage enn småbruk flest. Her er druer på låveveggen, gullfisk i hagedammen og ein eksotisk oase bak det kvitmåla bustadhuset.

Så er då Tommy og Kenneth heller ingen vanlege hageeigarar. Begge er gartnarar, hagebokforfattarar og føredragshaldarar, og saman driver dei nettbutikken Garden Living, ein butikk som har spesialisert seg på staudar, urter, laukar og hageutstyr.

Runde former

Då Tommy og Kenneth flytta til Holter i 2009, tok dei fatt på hagearbeidet med det same.

Artikkelen held fram under biletet

GYLLEN: Gul daglilje lyser opp sjølv på ein grå regnvêrsdag. 
GYLLEN: Gul daglilje lyser opp sjølv på ein grå regnvêrsdag. 

– Vi hadde med oss mange planter frå der vi budde tidlegare som vi måtte få i bakken så fort som mogleg, så det var ikkje så mykje tid til planlegging. Vi hadde ein viss idé om korleis resultatet skulle bli, men mykje har også blitt til undervegs, seier Kenneth, og viser rundt i dei ulike sonane i hagen.

I området framfor huset slynger staudebeda seg i bogar mellom grøn grasplen.

– I staden for å ha rette kantar synest vi det er fint å kunne leke seg med meir runde og organiske former, seier Tommy.

Artikkelen held fram under biletet

FORMELT: Sjølv om hagen elles er frodig og viltveksande, er kjøkkenhagen stram og formell. 
FORMELT: Sjølv om hagen elles er frodig og viltveksande, er kjøkkenhagen stram og formell. 

– Vi legg ut hageslangar for å forme beda, då er det enklare å sjå for seg korleis resultatet blir. La gjerne slangane bli liggjande eit par dagar før du byrjar å grave, då finn du fort ut om du har planlagt eit bed midt i den faste ruta di over plenen, tipsar han.

I år er det blant anna mange sortar martagonliljer som pryder beda.

– Vi har gjerne periodar der vi har dilla på ein bestemt plante. Nå samlar vi blant anna på martagonliljer. Det er ein gammal løkvekst som har komme i mange nye sortar dei siste åra, seier Kenneth.

Artikkelen held fram under biletet

FJELLHAGE: Fjorårets store prosjekt var fjellhagen, der små blomstrar stikk opp mellom steinane. 
FJELLHAGE: Fjorårets store prosjekt var fjellhagen, der små blomstrar stikk opp mellom steinane. 

Til pryd og nytte

Framfor huset kan ein også sjå dei to hageentusiastanes prosjekt frå i fjor, nemleg fjellhagen. Her har dei både kaktusar og gladioler som overvintrar ute.

– Ein fjellhage er ikkje så vanskeleg å få til, men det krev god drenering, seier Tommy.

Ved sida av låven har dei laga ein hagedam med gullfisk og vassliljer. Derfrå fører ein boge av epletre deg til eit «woodland»-område.

– Tanken er at det skal sjå vilt og frodig ut. Av staudar vel å merke, ikkje ugras, påpeiker Kenneth.

– Vi starta med å plante mange tre, som denne himalaybjørka, men det tar jo litt tid før det blir størrelse på dei, fortset han.

Artikkelen held fram under biletet

EKSOTISK: I hagen på Holter kan ein få inspirasjon til å utvide spekteret av planter i eigen hage. Her er ulike sortar aeonium. 
EKSOTISK: I hagen på Holter kan ein få inspirasjon til å utvide spekteret av planter i eigen hage. Her er ulike sortar aeonium. 

Bak huset har dei også laga både urtehage og kjøkkenhage. Her blir det dyrka blant anna bønner, asparges, salat og krydderurter.

– Vi er vel ikkje heilt sjølvforsynte, men tanken er å dyrke mykje av dei grønsakene vi treng sjølv, seier Tommy.

Hyggeleg hagearbeid

Hageinspirasjonen hentar dei ofte frå utlandet, særleg frå England.

– I England har dei gjerne store prakthagar, så det må skalerast ned til noko som kan passe her i hagen vår, seier Tommy.

Artikkelen held fram under biletet

 PYNT: Ein liten fugl har fått plass som ekstra dekorasjon mellom alle blomstrane. 
 PYNT: Ein liten fugl har fått plass som ekstra dekorasjon mellom alle blomstrane. 

Førebels er fire av dei atten måla dei har til rådvelde fylt av pryd- og nyttevekstar.

– Vi har stadig nye planar og prosjekt. I tillegg tar det jo mykje tid berre å vedlikehalde det vi allereie har laga, seier Kenneth. Heldigvis har dei ingenting imot hagearbeid.

EPLE: Tidlegare i år sette Kenneth Ingebretsen og Tommy Tønsberg opp denne bogegangen. Planen er at epletrea skal vekse seg over heile. 
EPLE: Tidlegare i år sette Kenneth Ingebretsen og Tommy Tønsberg opp denne bogegangen. Planen er at epletrea skal vekse seg over heile. 

– Vi jobbar heile tida. Andre synest det er hyggeleg å sette seg ned og nyte synet av hagen, vi liker å nyte hagen mens vi held på i han, seier Tommy.

Neste prosjekt blir sannsynlegvis ein måneskinnshage – ein hage med berre kvite blomster, som kan lyse opp sommarkveldane.

Vil du sjølv ta hagen nærmare i augesyn, tar Tommy og Kenneth imot besøkjande kvar torsdag fram til september. Då er det også mogleg å få kjøpt frø, planter og hageutstyr, men det er slett ingen føresetnad for å komme.

– Vi synest berre det er hyggeleg å vere til inspirasjon for andre, seier Tommy.

 (©NPK)

 

Til toppen