Forfattar Bjørg Nordset steikjer kaker på gamlemåten over open eld. Foto frå boka: Bjarne Fossøy
Forfattar Bjørg Nordset steikjer kaker på gamlemåten over open eld. Foto frå boka: Bjarne Fossøy

Frå smedkunst til matkunst

Kakejern er blitt brukt til å lage kaker til høgtid og fest i fleire hundreår. Dei første var handsmidde og ikkje to var like. Mangfaldet i mønster og motiv er derfor stort.

Det finst eit rikt utval av gamle bakstejern – kakejern – i bygd og by i Noreg. Ein del kanskje nedstøva og gløymde i kjellar og på loft, andre pussa opp og på heidersplass i stova.

Innvendig er kakejerna dekorerte med ulike mønster, motiv og symbol som sette avtrykk i kakene. Både dei kjende vaflane våre, krumkaker og goro er ein gong i tida laga på slike kakejern over open eld. I dag er alt elektrifisert.

Ein verdifull kulturskatt

Boka «Kakejern» av Bjørg Nordset tek føre seg utviklinga av kakejerna og kakene og viser kva for rik kulturtradisjon desse kakejerna representerer i både smedkunst og matkunst.

Artikkelen held fram under biletet.

Jern med hjartemotiv. Foto frå boka: Bjarne Fossøy.
Jern med hjartemotiv. Foto frå boka: Bjarne Fossøy.

– Dei handsmidde jerna er ein kulturskatt. Dei representerer handverk og folkekunst av høg klasse. Mangfald i mønster og motiv er stort, seier forfattar Bjørg Nordset, som er usikker på om folk veit kva verdiar dei kanskje har i arvegodset sitt.

Utbreidd nær jernverka

Bakgrunnen for boka hennar er ei registrering av kakejern i Lesja i Gudbrandsdalen, som Lesja historielag stod bak. I bygda har det gjerne vore fleire enn eitt kakejern på kvar gard, viste det seg. Lesja Jernverk, som var i drift frå 1660-åra til 1812, har truleg forsynt området rundt med dei ettertrakta kakejerna.

Slik har det kanskje også vore andre stader i landet der ein hadde tilgang til jern og dyktige smedar. Ved jernverka og bergverka på 1600-talet var det mange utanlandske arbeidarar og fagfolk. Dei kom frå Sverige, Nederland, Tyskland og Danmark og hadde truleg med seg skikken med jernbakst frå heimlanda, som alle hadde rik tradisjon på dette området.

Artikkelen held fram under biletet.

Kakejern frå 1800-talet. Foto frå boka: Bjarne Fossøy.
Kakejern frå 1800-talet. Foto frå boka: Bjarne Fossøy.

Utbreiinga av kakejern kan også tilskrivast dei danske embetsmennene som kom til Noreg på denne tida. Dei sat gjerne i høge stillingar og var tonegjevande i miljøa der dei budde. Kakejerna var kostbare, så i byrjinga var det berre dei mest velståande som hadde råd til å skaffe seg eitt. I eit gammalt skifte frå 1660 er til dømes kakejern taksert til same pris som ei ku; tre riksdalar.

Klostera inspirerte

Men dei aller første som brukte bakstejern var truleg klostervesenet på 1100-talet. Munkane brukte oblatjern til å lage nattverdsbrød. Det er sannsynleg at desse jerna blei mønster for smedar utanfor klostera og kopiert til verdsleg bruk.

Men historia om kakejern i norske heimar starta kanskje på Sørlandet på 1500-talet. Her var det på denne tida stor trelasthandel og kommunikasjon med Nederland. Mange norske ungdommar reiste til Amsterdam for å prøve lykka. Ein del kom heim att med hollandske kakejern i bagasjen. Desse jerna gjekk under namnet Hollenderjern.

Artikkelen held fram under biletet.

Eit gammalt vaffeljern. Slike fanst her i landet allereie på 1600-talet. Dei var visstnok relativt enkle å lage og det gjekk med lite jern, slik at fleire kunne ha råd til å skaffe seg denne «moderne» kjøkenreiskapen. Foto frå boka: Bjarne Fossøy.
Eit gammalt vaffeljern. Slike fanst her i landet allereie på 1600-talet. Dei var visstnok relativt enkle å lage og det gjekk med lite jern, slik at fleire kunne ha råd til å skaffe seg denne «moderne» kjøkenreiskapen. Foto frå boka: Bjarne Fossøy.

Driftige smedar

Tradisjonen fortel at smedane ved jernverka på 1600-talet smidde kakejern til bygdefolk av smijern som dei fekk som løn for arbeid ved verket, og slik tente dei seg pengar. Dei lokale smedane fekk også høve til å lære seg kunsten å smi kakejern og slik breidde det om seg.

– Dei fleste gamle kakejerna i Gudbrandsdalen er truleg smidde av lokale smedar. Det ser vi på dekoren av jerna, som er heilt ulik den som til dømes er brukt i Danmark, Tyskland og Nederland, seier Nordset.

Dei eldste kakejerna er smidde i smijern. Først eit godt stykke ut på 1800-talet kom det kakejern som var støypte i former. Å smi kakejern var ei oppgåve for dei dyktige smedane.

– Dei gamle kakejerna er stor kunst og viser fantastisk skaparglede. Det er utruleg imponerande at det går an å få til så fin dekor med den primitive reiskapen som fanst for fleire hundre år sidan, seier Bjørg Nordset.

Artikkelen held fram under biletet.

Krumkaker er på mange kaffibord i jula. Kanskje er desse laga med eit gammalt kakejern?
Krumkaker er på mange kaffibord i jula. Kanskje er desse laga med eit gammalt kakejern?

Støypte og smidde kakejern var vanleg fram til midten av 1800-talet. Då kom det støypte steikjeplater i handelen, som dei lokale smedane laga handtak på. Etter at støypejernskomfyren kom mot slutten av 1800-talet, vart industriframstilte kakejern tilpassa komfyrane. Då elektrisiteten kom i bygd og by, kom det igjen nye kakejern i handelen. Dei var tilpassa dei elektriske platene, og hadde korte handtak. I dag er kakejerna blitt elektrifiserte og har gjort det enklare for alle å få til julekaker med lange tradisjonar – med mindre du framleis vil gjere det på gamlemåten. (©NPK)

Til toppen