ODDA I DAG: Odda Smelteverk vart lagt ned i 2002– 2003, og i 2011 freda Riksantikvaren delar av smelteverket. I dag kjem turistane tilbake, og Odda Smelteverk kan bli Unesco-verna. FOTO: Margunn Sundfjord/NPK/NTB scanpix.
ODDA I DAG: Odda Smelteverk vart lagt ned i 2002– 2003, og i 2011 freda Riksantikvaren delar av smelteverket. I dag kjem turistane tilbake, og Odda Smelteverk kan bli Unesco-verna. FOTO: Margunn Sundfjord/NPK/NTB scanpix.

Frå turistmagnet til industriby – og tilbake igjen

Odda Smelteverk heldt koken i nesten 100 år. Turismen som døydde ut på grunn av fabrikken, er i dag tilbake for fullt.

  • Endret

Alt starta i 1906 da den svenske ingeniøren Albert Petersson «oppdaga» Odda, godt hjelpt av vasskraftsgeneralen Sam Eyde og fossespekulanten Fredrik Hiorth.

Odda, som ligg inst i Sørfjorden i Hardanger, var på den tida ein av dei mest besøkte stadene i Noreg – med to store og åtte mindre hotell. Dei fleste utanlandske turistane kom frå Tyskland og Storbritannia, enten med cruiseskip, med dampbåten frå Bergen eller via kjerrevegen over Hauekelifjellet.

Da røyken la seg over Odda i 1908, døydde turismen raskt ut. I dag, tolv år etter at smelteverket la ned produksjonen, har turistane vendt tilbake.

Vassfall og isfri fjord

Albert Petersson var direktør for Alby Carbidfabrik, som var plassert omtrent midt i Sverige. Dei produserte kalsiumkarbid, som blant anna blir nytta til å framstille acetylengass. Gassen var brensel i karbidlamper, som på byrjinga av 1900-talet vart mykje brukt i gruve-, gate-, bil- og sykkellykter. Men karbiden var først og fremst eit viktig grunnlag for vidareforedling.

Sun Gas Company, eit da nyetablert, britisk selskap, skaffa seg aksjemajoriteten i karbidfabrikken i Alby i 1905. Fabrikken klarte likevel ikkje å levere nok karbid. Petersson, som var den fremste eksperten på omnsteknologi og elektrokjemisk industri i Norden, fekk i oppdrag å finne ein eigna stad for ein ny fabrikk.
Han drog derfor i februar 1906 til Odda. Der kunne han blant anna sjå den isfrie hamna. Tilgang til sjøen året rundt var naturleg nok svært viktig for ein fabrikk tidleg på 1900-talet.

Petersson fekk òg sjå Tyssovassdraget like ved, som da hadde to av dei høgste og mest kjende fossefalla i Noreg. Elva Tysso og fossane, som i dag er tørrlagde, gav grunnlag for å byggje eit kraftanlegg som kunne forsyne eit smelteverk i Odda med billig elektrisk kraft.

Artikkelen held fram under biletet.

TYSSOVASSDRAGET: Ringedalsfossen (tidlegare kalla Skjeggedalsfossen) er ein del av det mektige Tysso-vassdraget. Dette biletet er frå slutten av 1800-talet. I dag er fossen tørr, bortsett frå i periodar med veldig mykje nedbør.
TYSSOVASSDRAGET: Ringedalsfossen (tidlegare kalla Skjeggedalsfossen) er ein del av det mektige Tysso-vassdraget. Dette biletet er frå slutten av 1800-talet. I dag er fossen tørr, bortsett frå i periodar med veldig mykje nedbør.

Ved hjelp av svensk kapital ordna Sam Eyde med kraftutbygginga i Tyssedal, seks kilometer nord for Odda. Selskapet Tyssefaldene vart etablert på Eydes kontor i april 1906. Da var allereie kontrakten med Sun Gas Company om kraftleveranse til det planlagte smelteverket på plass.

Røykteppet

Sun Gas Company ville òg produsere kalsiumcyanamid – som kunne brukast som kunstgjødsel og komponent i sprengstoff – ein prosess som var oppfunnen berre nokre få år før. Dermed var Odda Smelteverk både karbidfabrikk og cyanamidfabrikk da anlegget opna i 1908, knapt to år etter dei første spadetaka og dynamittsalvane.

Både karbid og cyanamid vart produsert i omnar som var i bruk døgnet rundt og året rundt. Odda, den tidlegare turistmagneten, hadde vorte ein industriby. Eitt av resultata var plagsam og forureinande røyk frå smelteverket. Det tok 50 år før det første reinseanlegget kom.

Artikkelen held fram under biletet.

KARBIDEN: Karbidtapping i Odda Smelteverk i 1989. På den tida var Odda den einaste staden i Noreg som hadde karbidproduksjon.
KARBIDEN: Karbidtapping i Odda Smelteverk i 1989. På den tida var Odda den einaste staden i Noreg som hadde karbidproduksjon.

Røyken var sjølvsagt òg ei stadfesting av at det var aktivitet – og av det nye industrielle engasjementet i Odda, som resulterte i mange nye arbeidsplassar. På nokre få år auka talet på innbyggjarar med fleire tusen menneske. I 1900 budde det 1.446 personar der, og i 1920 hadde folketalet auka til 6223. Smelteverket var ein sentral årsak til det og vart ei hjørnesteinsbedrift gjennom nesten heile 1900-talet.
Men det var ikkje berre smelteverket som trekte til seg folk. Det Norske Nitridaktieselskap («Nitriden») vart etablert i Tyssedal i 1916, og Det Norske Zinkkompani kom til Odda i 1924.

Konkurs og verdsarvplanar

Den verdsfemnande depresjonen rundt 1920 fekk ringverknader også for Odda. Drifta ved smelteverket vart lagt ned i 1921, og 1.000 menneske vart arbeidsledige fram til 1924. Da vart det ny produksjon, og mange gode år framover. Odda Smelteverk var heilt frå Peterssons tid kjent for å levere karbid av høg kvalitet; «Odda» var eit kvalitetsmerke.

I 1927 starta Erling Johnson, sjefskjemikaren ved smelteverket, arbeidet med det som i ettertid har fått namnet oddaprosessen, ein ny måte å framstille kunstgjødsel på. Prosessen er framleis i bruk i dag, rett nok i endra former. Etter ein lang krangel mellom Norsk Hydro og Odda Smelteverk inngjekk selskapa i 1947 eit forlik der Hydro fekk bruke den patenterte oddaprosessen.

I 1955 vart det gjort omfattande moderniseringar i karbidfabrikken, mens cyanamidfabrikken har vore gjennom litt modernisering i 1934. I 1970 vart karbidproduksjonen dobla, og i 1982 tok smelteverket i bruk den største lukka kalsiumkarbidovnen i verda med ein årleg produksjonskapasitet på 130.000 tonn. Det var over 100.000 tonn meir enn i 1908.

Artikkelen held fram under biletet.

FREDA: Kraftstasjonen i Tyssedal, som opna i mai 1908, var ein viktig føresetnad for industrien i Odda. Anlegget vart freda av Riksantikvaren i 2000. Det er restaurert, og blir i dag drive som Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum.
FREDA: Kraftstasjonen i Tyssedal, som opna i mai 1908, var ein viktig føresetnad for industrien i Odda. Anlegget vart freda av Riksantikvaren i 2000. Det er restaurert, og blir i dag drive som Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum.

Etter omsetningssvikten i 1998, som førte til at det amerikanske selskapet Philipp Brothers Chemicals tok over som eigar, tok det berre nokre år før det vart full stopp ved Odda Smelteverk. Arbeidet vart lagt ned i 2002, og i februar 2003 kom kravet om konkurs.

Dei siste åra har vore prega av noko riving, ein del vern og freding, noko ny bruk og mange tankar om kva som skal skje med det som står igjen av fabrikkbygningar. Ein av planane er at Odda Smelteverk og den nedlagde kraftstasjonen i Tyssedal skal komme med på verdsarvlista til Unesco. Miljødepartementet har enno ikkje bestemt seg for om dei skal sende ein søknad om dette til Unesco.

Til toppen