Årdal: Om ein tek turen bortom torget i Øvre Årdal kan ein spotte glimt frå bibliotek landet rundt.
På plenen utanfor Gamleskulen, står det ei utstilling som syner korleis bibliotek rundt i Noreg vert nytta. Nokre leiger ut gratis skiutstyr medan andre har tilbod om skytesimulator, og hjå nokre kan du ta ei treningsøkt.
Sjå nokre bileter av utstillinga i botn saka.
– Det handler om kva biblioteket har blitt. Kva bibliotek er i dag. Det er ikkje lenger berre ein samling med bøker, men meir ein arena for kulturformidling, seier Ådne Sandvik Dyrnesli, ansett ved Årdal bibliotek.
Årets vakraste bok
Fotograf Jo Straube har reist rundt i Noreg og teke bilete av folkebibliotek sidan 2013. Det har resultert i fotoboka Det norske biblioteket. Biletutdrag frå boka kan ein no sjå på torget.
Lansert i 2017 inneheld ho tekstar av Frode Grytten og design av Anette L'orange. I april vann boka den gjeve prisen Årets vakraste bok og kategorien for beste foto/kunstbok.

– Han har besøkt 200 bibliotek, og har dokumentert breidda i kva eit bibliotek kan vera. Han har blant anna tatt eit bilete av eit badekar på loftet på det Deichmanske biblioteket i Oslo, seier Dyrnesli.
– Favoritten min er eit bilete av kontoret til ein bibliotekar på eit lite bibliotek, som er stappfullt av bøker, som ho berre ikkje har hatt tid til å få ut i biblioteket, for ho har så mykje anna å gjere. Det er noko som går igjen veldig mange stader, på mange bibliotek, seier han.
Dyrnesli: – Handlar om kva bibliotek er i dag
Dyrnesli starta i jobben på Årdal bibliotek i vår, og driv mest med sosiale medium og arrangement.
Sjølv meiner han at eit bibliotek spelar ei viktig rolle for demokratiet.
– Det gjev alle tilgong på informasjon heilt gratis, det er idéen bak prosjektet og feirar nettopp det, seier han.
Han legg vekt på at biblioteket i Årdal ønskjer å vera eit som følgjer med i tida, og som skal vera for alle.
– Utstillinga er eit døme på at biblioteket ønskjer å vera synleg, og strekker ut ei hand til lokalmiljøet. Me vil ikkje at me berre skal vera her inne, sler han fast.