Årdal: – Av og til tenkjer eg litt på på det, at det er stort å få vera med og representera landet sitt i fotballkamp, seier Sivert Heggheim Mannsverk.
Porten.no møtte den unge årdølen i eit av treningssentera ved Jotun stadion, der han dreiv eigentrening. Han er Sogndal-spelar, men ettersom han enno går i grunnskulen og dermed bur i heimbygda, vert det ein del treningsøkter i eigen regi.
Mannsverk er no utteken til å spela ei firenasjonars fotballturnering i Serbia for det norske G16-landslaget.
– Eg er veldig spent. Det er spennande at me skal spela ei lita turnering denne gongen, mot Slovenia, Tsjekkia og Serbia. Det vert veldig artig. Det er ikkje dei aller beste laga i Europa, men dei har gode lag.
- Les også: Stortalentet Sivert (14) skal spela for gutelaget til Sogndal
- Les også: Sivert Mannsverk (14) debuterte for A-laget til Sogndal
Tøft å spela i utlandet
Mannsverk synest det har vore veldig kjekt å vera med på dei to landslagssamlingane han har vore på hittil, og han synest det er spanande å møta dei andre spelarane og sjå korleis nivået er. Og so synest han det er kjekt å fara utomlands med gjengen.

– Det er tøffare å reisa til utlandet og møta utanlandske lag enn å reisa rundt i Noreg. Det er endå kjekkare og meir spanande, seier Mannsverk.
Turneringa skal spelast eit stykke unna Beograd, og dei skal bu på eit hotell som ligg rett attmed seks fotballbaner, og det er der kampane skal spelast.
Tidlegare har han spela tre treningskampar for det norske gutelandslaget. Ein kamp var mot utfordrarlaget, spelarar som sjølve bankar på landslagsdøra. Den kampen vann landslaget.
Og so har han reist saman med landslagskameratane sine til Ungarn og spela to kampar mot det ungarske gutelandslaget.
– Det var ei veldig stor oppleving. Eg var ute på bana om lag ein time i begge kampane, og me vann 4-0 og 4-1, seier Mannsverk, som spelar på sentral midtbane både på gutelandslaget og på Sogndal sitt U-lag.
- Les også: Sivert er utteken på landsdelsamling
- Les også: To sogndalspelarar på kvart sitt landslag
Har alltid vore glad i fotball og i idrett
Mannsverk har vore glad i idrett sidan han var ein liten gut, og har vunne medalje i tevlingar både i liten ball, handball, springing med og utan hekk, høgdehopp og skirenn, fortel mor Anita Heggheim Mannsverk.
Han har òg gjort det bra i skyting, kan ho fortelja. Og han har alltid vore glad i fjellklatring, fjellturar, og kanoturar.
– Han har stor glede av idretten, seier ho.
Anita Mannsverk trente i fem år handballaget som han spela på før, og ho tykte det var litt vemodig då han til sist laut satsa fullt og heilt på fotballen.
– Eg følte at det var i fotballen eg hadde kome lengst, og at det er gjennom fotball eg kan få oppleva meir. Eg har det gøy når eg er på bana, det er berre det. Eg kosar meg når eg spelar utpå der, seier den unge Sogndal-spelaren om valet han tok.
Han gledar seg like mykje til å springa utpå fotballbana før kamp no som han gjorde då han var ein liten gut.
– Men no har eg òg begynt å kjenna meir på det at eg er nervøs før kamp, seier han.
Trivst i Sogndal-systemet
Mannsverk trivst med å høyra til Sogndal sitt U-lag. Han tykkjer opplegget er veldig profesjonelt, både trenarmessig og med tanke på fasilitetane på Fosshaugane. Han ser fram til å byrja på idrettslina i saftbygda til neste år.
– Når eg skal bu i Sogndal vert det ikkje so mykje pendling, og då vil eg få meir tid til andre ting. Det ser eg fram til, seier Mannsverk.
Men han fortel at det har ikkje vore noko problem for han å gjera ein del av treningane i Årdal.
– Eg har alltid trent allsidig. Eg går på fjellet med mora mi, og eg går på ski når høvet byd seg til det. Eg får trent godt heime.