UTFORDRINGAR: Vinjerock blir arrangert drygt 1000 meter over havet - kva utfordringar denne lokasjonen for ein festival inneber er eitt av temaa under reiselivsseminaret på høgskulen i Sogndal 9.november. Foto: Arlene Bax/Vinjerock
UTFORDRINGAR: Vinjerock blir arrangert drygt 1000 meter over havet - kva utfordringar denne lokasjonen for ein festival inneber er eitt av temaa under reiselivsseminaret på høgskulen i Sogndal 9.november. Foto: Arlene Bax/Vinjerock

Frå Vinjerock til cruisediskusjon under seminar

Styremedlem i Vinjerock Ingebjørg Blomlie Müller fortel om utfordringane med å arrangera festival 1000 meter over havet, medan Jannet Aksnes, hotellsjef ved Vatnahalsen hotell​ spør kvifor cruisegjestar ikkje skal vera gode nok gjestar.

Sogndal: Onsdag 9. november brakar det laus med nytt reiselivsseminar arrangert av studentane ved reiselivslinja på høgskulen i Sogn og Fjordane går det fram av ei pressemelding.

- Det er så viktig at studentane får prøve teorien i praksis. Og så er det jo konstruktivt at me får kopla næringslivet med forskningsmiljøet på Campus , seier koordinator for reiselivslinja og høgskulelektor Helene Maristuen. 

Lokalmat i fokus

Føredragshaldarar vil mellom andre vera: 

  • Det nye vertskapet ved Skjolden hotell som set lokalmaten i fokus, dei er dessutan plukka ut som ein av fire aktørar frå Sogn og Fjordane som skal representere Noreg på “Grüne Woche” i Berlin. 
  • Frå garasjeband til Veronica Maggio - Gunnar Husabø skal fortelja om korleis festivalen Fresn har utvikla seg frå oppstart til i dag.
  • Vidare vil styremedlem Ingebjørg Blomlie Müller frå Noregs høgstliggande festival  Vinjerock, fortelja om Vinjerock og dei utfordringane det er kring det å arrangera ein musikkfestival 1060 meter over havet. 
  • Kven har sagt at cruisegjesten ikkje er ein god nok gjest? Jannet Aksnes, hotellsjef ved Vatnahalsen hotell utfordrar oss på cruisegjester. 
  • Kundeopplevingar og service - ein tilfeldigheit? Anders Åmot utfordrar oss på om me tek avgjersler på vegne av kunden og kundens lommebok. 
  • Preben Moen frå Gloppen hotell, ein av Noregs yngste hotelldirektørar  som har bryggeri i kjellaren og brenn for lokalmat, lokale opplevingar og hotell i eitt. 
  • Norwegian Concention Bureau  (NCB) blir presentert ved Birgitte Nestande som vil fortelje om korleis dei arbeidar for å selje Noreg som mice (meetings, incentives, conferences, events) -destinasjon.

Samhandlingsprosjekt

​Det er tredjeårsstudentane ved bachelor i reiselivsleiing som har regien på arrangementet og som del av sitt arbeid i emnet “arrangementsutvikling” dette semesteret ved høgskulen i Sogn og Fjordane, institutt for økonomi og administrasjon, går det vidare fram av pressemeldinga. 

Seminaret er finansiert av VRI som står for verkemiddel for regional FoU og innovasjon og er eit program frå Norges forskingsråd for å stimulera til meir bruk av forsking og utvikling (FoU) for betre innovasjon i næringslivet.

- Programmet er inne i sin tredje periode og det blir gitt stønad både til samhandlingsprosjekt  og reine forskarprosjekt. Her er det snakk om eit samhandlingsprosjekt mellom Kunnskapsparken, Njøs næringsutvikling AS, høgskulen i Sogn og Fjordane samt Vestlandsforsking, seier  Maristuen. 

Til toppen