ARBEIDSULYKKE: Mannen er no frakta med luftambulanse til Lærdal sjukehus . Foto: Jan Christian Jerving
ARBEIDSULYKKE: Mannen er no frakta med luftambulanse til Lærdal sjukehus . Foto: Jan Christian Jerving

Frakta til sjukehus etter ei arbeidsulykke

Ein mann er frakta til Lærdal sjukehus etter ei arbeidsulykke ved Glipsfjellet i Lærdal. 

Politiet melde på twitter klokka 13.39 at den skadde er ombord i luftambulansen og er på veg til Lærdal sjukehus.

Operasjonsleiar Espen Gulliksen fortel til Porten.no at det var ein arbeidskollega som kontakta AMK (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral), som så vidareformidla informasjonen til politiet. Det var melding om kuttskadar og at mannen blødde kraftig.

Politiet fekk først feil possisjon på ulykka. Dårleg mobildekning gjorde det vanskeleg å dirigere helikopteret til rett plass. Ulykka skjedde ved Glipsfjellet, ikkje Bliksdalen som politiet først meldte. Difor vart mannskapen sendt nordaust for Lærdal i staden for plassen mannen vart funnen. 

– For tryggleikens skuld kalla me også ut bakkemannskap som Røde Kors i tillegg til politi, i tilfelle ambulansehelikopteret ikkje skulle finne mannen, seier Gulliksen. 

Politiet kjenner ikkje til årsaka til ulykka. ​Gulliksen seier at etter tilbakemeldinga frå AMK skal skadane truleg ikkje vera av alvorleg art.

Redningsaksjonen er no avslutta. 

 

 

Til toppen