ULYKKE: Fodnestunnelen i Lærdal er stengt etter eit trafikkuhell onsdag føremiddag. Foto: Jan Christian Jerving
ULYKKE: Fodnestunnelen i Lærdal er stengt etter eit trafikkuhell onsdag føremiddag. Foto: Jan Christian Jerving

Frakta til sjukehus etter MC-ulykke

To personar vart frakta til sjukehus etter at ein MC velta i Fodnestunnelen på riksveg 5 i Lærdal onsdag. 

Per Rimmen, ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier til Porten.no at dei to personane sat på same MC. Den eine er lettare skada og den andre kom i frå ulykka tilnærma uskadd. Dei to personane er no frakta til Lærdal sjukehus. 

Ulykke medførte at Fodnestunnelen vart stengt i kring ein time. 

– Me innfører no manuell dirigering og kolonnekøyring fram til entreprenøren får rydda tunnelen, seier Rimmen kring klokka 14.15. 

Statens vegvesen melde om hendinga klokka 13.25 onsdag. Kort tid etter kom naudetatane til staden.

NAUDETATAR: Dei to personane er frakta til Lærdal sjukehus.
NAUDETATAR: Dei to personane er frakta til Lærdal sjukehus.
Til toppen