TRANSPORT: Etappa Per Ståle Aarseth og familiehunden skulle gå saman med Lilian Raakjær vart vesentleg greiare å få til logistikken på ettersom kongevegsbussen har starta opp. Bak rattet denne dagen sat Jan Geir Solheim,
TRANSPORT: Etappa Per Ståle Aarseth og familiehunden skulle gå saman med Lilian Raakjær vart vesentleg greiare å få til logistikken på ettersom kongevegsbussen har starta opp. Bak rattet denne dagen sat Jan Geir Solheim, (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Fraktar folk og fe med kongevegsbussen

Ordføraren i Lærdal har teke sommarjobb som bussjåfør.

Lærdal: - Eg skulle gjerne ha visst om denne bussen i går, seier Pål Almfrå Toten.

Denne veka vart eit nytt tilbod starta opp for å frakta vandrarar mellom dei ulike start- og endepunkta for vegstykkja på Kongevegen, Kongevegsbussen.

Ettersom Alm ikkje visste om bussen då han skulle gå frå Kyrkjestølen til Maristova vart det ein heil del ventetid.

- Konsekvensen vart at eg vart sitjande eit par timar på Maristova og venta på bilen. I staden for at me hadde køyrt bilen dit først, teke bussen opp att til Kyrkjestølen og gått tilbake, forklarar Alm.

- Heilt topp

Bussen byrja å gå måndag. Den startar frå Lærdalsøyri klokka kvart på ni kvar morgon og går til Tyinkrysset, der den er framme klokka 10. Ruta går via gamle E16 gjennom Borgund slik at vandrarar som skal gå vegen kan hoppa på og av på alle start- og endepunkta for dei ulike etappene på vegen. Bussen går tilbake same veg og endar på Lærdalsøyri att klokka 1120.

Lilian Raakjær og Per Ståle Aarseth hadde fanga opp transporttilbodet på Facebook og skal ta bussen andre dag på rad

- Bussen er heilt topp. Det burde eigentleg vera fleire avgangar. Etter kvart vil nok fleire og fleire nytta den også, seier Aarseth.

Medan dei to skal gå etappa frå Sjurhaugen via Galdane skal Alm også ta med seg Vindhella - på litt meir smidig vis enn etappa han gjekk tysdag frå Kyrkjestølen til Maristova.

Artikkelen held fram under biletet

KVAR DAG: Per Ståle Aarset, Lilian Raakjær og Pål Alm stig på kongevegsbussen, som går kvar morgon og føremiddag, i alle fall fram til skulestart
KVAR DAG: Per Ståle Aarset, Lilian Raakjær og Pål Alm stig på kongevegsbussen, som går kvar morgon og føremiddag, i alle fall fram til skulestart Foto:  Ole Ramshus Sælthun

 

- Eg lærer mykje

Så dukkar kongevegsbussen opp. Bak rattet sit Jan Ger Solheim, til daleg ordførar i Lærdal.

- Det var han som køyrde bussen i går også. Han var voldsam til å fortelja og ein proaktiv fyr, seier Raakjær.

Solheim fortel passasjertalet har teke seg kraftig opp etter ein noko laber start.

- Erfaringa så langt er at første dag var det veldig få som visste om det, så då hadde me berre ein passasjer. Men det spreier seg fort i sosiale media og dei neste to dagane har me hatt 17 og 15 passasjerar. Attendemeldingane er svært gode.

Poenget er altså at om ein til dømes skal gå Vindhellavegen køyrer ein bilen til Rimskjold ovanfor Husum, tek bussen opp til Borgund stavkyrkje og går ned att. 

- Då blir det ikkje stress å vandra etappane, seier Solheim.

- Og du tykkjer sommarferie er kjedeleg som har teke sommarjobb som sjåfør?

- Voldsamt kjedeleg. Nei då, men Kongevegen er eitt av dei prosjekta eg er mest stolt av i Lærdal. Og eg er interessert i å høyra korleis folk opplever vegen. Eg får attendemeldingar om ein del ting vil få fiksa, så eg lærer mykje. Me skal også få lagt ut ei justert rute med eksakte busstider, det er viktig at me er etterrettelege når folk baserer seg på å vera med bussen. No kan me også transportera bagasje for folk, og her må me få til eit opplegg med punkt som er bemanna.

Artikkelen held fram under biletet

PYNTA: Bussen har sjølvsagt motiv av Vindhellavegen bakpå og  går langs gamle E16 gjennom Borgund for at dei mange start- og endepunkta for etappane på Kongevegen, og overnattingsverksemdene på Borgund, kjem med på ruta.
PYNTA: Bussen har sjølvsagt motiv av Vindhellavegen bakpå og  går langs gamle E16 gjennom Borgund for at dei mange start- og endepunkta for etappane på Kongevegen, og overnattingsverksemdene på Borgund, kjem med på ruta. Foto:  Ole Ramshus Sælthun

- At me skjønar historia er veldig viktig

Det er Nettverket for Kongevegbedrifter som har teke initiativ til bussen, og dei har fått løyvd midlar frå fylkeskommunen til ordninga.

- Me skal i alle fall halda på med transporten til skulestart, forhåpentlegvis lengre også, seier Solheim.

Lilian Raakjær og Per Ståle Aarseth har hoppa av på Sjurhaugen og er klar for turen ned att via Galdane

- Me må seia at det stort sett har vore skilta veldig godt. Turen over fjellet med alle desse informasjonstavlene med morosame historiar var veldig artig. Og me bur på vandrarheimen på Borgund, ho som driv der var veldig flinkt til å fortelja.

- Kongevegen har jo nett fått den høgthengjande Europa Nostra-prisen. Tykkjer de at den fortener det?

- Det syns me, absolutt. At me skjønar historia er veldig viktig. Vegbygginga var jo svært spesiell den gongen, og det fortalde jo dei informasjonsskilta om.

Til toppen