ALVORLEG: Pasienten er innlagt på Førde sentralsjukehus.
ALVORLEG: Pasienten er innlagt på Førde sentralsjukehus. (Foto: Helse Førde)

Kvinne i 20-åra med rabiessmitte døydde på Førde sjukehus

Det melder Helse Førde i ei pressemelding.

Førde: Pasienten som var innlagt med rabies-smitte på Førde sentralsjukehus, døydde tidleg måndag kveld som følgje av sjukdommen.

– Pasienten var innlagt i vår intensivavdeling, og døydde fredeleg med den næraste familien rundt seg, opplyser fagdirektør i Helse Førde, Trine Hunskår Vingsnes.

Pasienten var ei kvinne i tjueåra frå Hordaland, busett i Sogn og Fjordane, melder NRK

Helse Førde vil halde fram sitt arbeid med smittevern blant eigne tilsette og andre som var i kontakt med pasienten.

Første tilfelle sidan 1815

Laurdag fekk dei svar på prøvene som stadfesta at dei stod overfor det første tilfellet av rabies i Norge sidan 1815

Vedkomande vart biten av ein hund på ein ferietur i Søraust-Asia for vel to månader sidan. Personen vart gradvis dårlegare, og oppsøkte den lokale legevakta tidleg i førre veke. Pasienten vart liggande der eit døgn før overføring til Førde sentralsjukehus.

Det tek vanlegvis frå to til åtte veker frå smitte til sjukdomen bryt ut. Sidan utviklar den seg raskt, det er sjeldan sjukdomen varer meir enn fire-fem dagar. Blant symptoma er kramper, aggresivitet og frykt for vatn, til slutt lammingar og koma.

Titusenvis døyr kvart år

Det finst vaksine, men den må takast anten før du blir smitta, eller så raskt som mogleg etter. Når dei første symptoma dukkar opp er det praktisk tala alltid for seint. Ei amerikansk jente vart i 2004 den første kjende pasienten som likevel greidde å overleva.

Verdens helseorganisasjon reknar med at 50.000 til 70.000 personar dør kvart år av rabies.

At dyr blir smitta er òg svært sjeldan i Norge. I 2011 vart det påvist hos polarrev og reinsdyr på Svalbard, og i 2015 hos i ei flaggermus i Valdres.

Til toppen