FARGERIK: Suzuki har tona ned terrengeigenskapane, men skrudd opp den urbane appellen til bilen. Blant anna ved å tilby bilen i sterke fargar. Foto: Jan Harry Svendsen
FARGERIK: Suzuki har tona ned terrengeigenskapane, men skrudd opp den urbane appellen til bilen. Blant anna ved å tilby bilen i sterke fargar. Foto: Jan Harry Svendsen

Framleis fornuftig, barsk og urban

Suzuki Vitara er ikkje like fokusert på barsk køyring som han var. Den nye modellen er enklare og meir urban.

  • Endret

Suzuki Gran Vitara var ein barsk bil. Barskare enn mange av konkurrentane. Han hadde ramme, moglegheit for V6ar og lågserie. Han var ein ekte terrengbil – og han var populær. Faktisk så populær at han var med på å gjere Suzuki til eitt av dei største bilmerka i Noreg for nokre år sidan.

Artikkelen held fram under biletet

PÅ ALLE FIRE: Alle utgåvene av Vitara som selde i Noreg, har firehjulsdrift. Systemet har ein elektronisk styrt klutsj som koplar inn bakhjula ved behov.
PÅ ALLE FIRE: Alle utgåvene av Vitara som selde i Noreg, har firehjulsdrift. Systemet har ein elektronisk styrt klutsj som koplar inn bakhjula ved behov.

Enklare

Heilt nye Vitara – mellomnamnet Gran er borte – er ein enklare bil der dei skoggåande eigenskapane er betydeleg tona ned. Framleis har han firehjulsdrift, men karosseriet har blitt sjølvberande, og nokon lågserie har firehjulsdrifta ikkje. Det er ein lettare og meir lettkøyrd bil eg no set meg inn i – men også ein meir fargerik bil. Suzuki har heilt tydeleg forstått at urbanitet er minst like viktig for bilar som dette, som barske terrengeigenskapar. Dermed følgjer også Suzuki trenden frå mange av konkurrentane. For Vitara er ein enkel folke-SUV, som skal konkurrere med Mitsubishi ASX, Skoda Yeti og Opel Mocca.

Tvingast til utstyrspakke

Bak rattet er det få overraskingar. Seta er gode, og den lange sitjeputa kompenserer litt for svak lårstøtte. Ei analog klokke er på plass mellom lufteventilane over midtkonsollen, og infotainmentsystemet har MirrorLink – som speglar mobiltelefonen din. Førebels fungerer det ikkje på iPhone, men på andre telefonar er funksjonaliteten tilgjengeleg. Alt i alt er utstyrsnivået høgt på Suzuki Vitara, men det krev at du legg på ein pakke til 25.000 kroner. Prisleiaren, som vert brukt i all marknadsføring, er meir ribba og dessutan ein bil Suzuki ikkje vil ha på lager her heime. Dermed er dei marknadsførte prisane lågare enn kva bilen faktisk vil koste for dei fleste.

Artikkelen held fram under biletet

ENKELT: Førarmiljøet er enkelt og oversiktleg. Trass i skinnsete, glimrar luksuskjensla med sitt fråvær.
ENKELT: Førarmiljøet er enkelt og oversiktleg. Trass i skinnsete, glimrar luksuskjensla med sitt fråvær.

Fem trinn

Ute på vegen leverer Vitara ei trygg og føreseieleg køyreoppleving. Det finst eit sportsprogram, men det sporty den 1.6 liters store bensinmotoren legg for dagen er heller labert. Styringa er presis, men tilbakemeldingane svake. Spesielt køyreglad er Vitara ikkje. Men han er lettkøyrd. Dei ytre dimensjonane er blitt mindre enn på forgjengaren, oversikta er god, og ein har også tryggleiken ved firehjulsdrift dei gongene vêrgudane helst ikkje vil at du skal køyre bil. Nokon lågserie finst ikkje, men det finst ein «lock»-funksjon som skal gi bilen betre køyreevne i terrenget gjennom å tilpasse blant anna antispinnsystemet. Ein bakkeassistent er også på plass. I sanninga må nok hyttevegen vere ekstremt dårleg før du blir ståande.
Den manuelle girkassen har fem trinn og det er uvanleg i dag, berre på utgåva med dieselmotor kan Suzuki levere ein sekstrinns girkasse. Seinare kjem også bensinmotoren i kombinasjon med ein automatisk girkasse og firehjulsdrift. Prispåslaget her er 15.000 kroner.

God plass

Ifølgje Suzuki skal den innvendige plassen i bilen vere omtrent uendra frå den større forgjengaren. Utan at vi har målt plassen, oppfattar vi bilen som romsleg. Bagasjerommet svelgjer unna 375 liter, og legg du ned bakseta, får du eit golv som er tilnærma flatt framover. I bakseta er det også god plass. Sjølv eg, med ei kroppslengde på 185 centimeter, hadde ingen problem med å sitje her. Takhøgda er god, og det same er beinplassen. Moglegheita for å kunne skyve føtene innunder førarsetet aukar dessutan sitjekomforten.

Artikkelen held fram under biletet

375 LITER: Greitt bagasjerom som er lett å utnytte. Legg du ned seta, som er delbare, aukar kapasiteten til 1.120 liter.
375 LITER: Greitt bagasjerom som er lett å utnytte. Legg du ned seta, som er delbare, aukar kapasiteten til 1.120 liter.

Folke-SUV

Suzuki Vitara er ein enkel folke-SUV. Han gjer jobben han er sett til, sjølv om den 1,6 liters store bensinmotoren nok verkar litt tam. Samanlikna med konkurrentane er prisinga aggressiv, også når ein legg på dei 25.000 kronene som utstyrspakken kostar. Interiøret er funksjonelt og oversiktleg, men sjølv med skinnsete glimrar luksuskjensla med sitt fråvær. Materialane er enkle og billige.
Likevel kjem denne bilen til å finne kjøparane sine. Sjølv seier Suzuki at dette blir den viktigaste bilen her heime. Det har dei nok heilt rett i. Framleis sel nemleg kombinasjonen av høg bakkeklaring og firehjulsdrift godt – og då kan ein fint leve med at løysingane ikkje alltid er dei mest påkosta.

(©NPK)
 

Til toppen