TOK FYR: 20-30 høyballar tok i natt fyr på Hafslo.
TOK FYR: 20-30 høyballar tok i natt fyr på Hafslo. (Foto: Porten.no-tipsar)

Politiet opprettar sak etter at høyballar tok fyr

Ingen personar kom til skade då 20-30 høyballar starta å brenna på Hafslo i natt.

Luster: I 01.00-tida melde politiet at brannen hadde blitt slukka. Det er ingen skadar på anna enn høyballane. Det er ikkje kjent korleis det heile starta.

Brannen vart først meld til politiet klokka 23.08. Då var det snakk om eit mindre branntillaup, og det skulle ikkje vera fare for at flammane skulle spreia seg. Politiet og ambulanse avventa med å rykka ut inntil brannvesenet hadde fått sjekka omfanget. 

Ein knapp time seinare pågjekk sløkkinga framleis, og det var ikkje meldt om kontroll så langt. Klokka 23.47 skreiv politiet på Twitter at dei køyrer til staden.

Politiet vil oppretta sak.

 

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03711 eller tips@porten.no.

Til toppen