GYRO-FRITT: Leiar i Lærdal elveeigarlag kan fortelja om ei framleis gyro-fri Lærdalselv og ein god sesong med laksefiske. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
GYRO-FRITT: Leiar i Lærdal elveeigarlag kan fortelja om ei framleis gyro-fri Lærdalselv og ein god sesong med laksefiske. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

Framleis ikkje spor etter gyro i Lærdalselvi

Aldri før har det gått så lang tid utan at fiskeparasitten er påvist.

Lærdal: Det gler naturlegvis leiar i Lærdal elveeigarlag Lasse Sælthun seg over, men framleis må han og andre fiskeinteresserte vente litt med å sleppe jubelen laus.

Det skal nemleg gå fem år utan at Gyrodactylus salaris, betre kjent som gyro, blir påvist.

– Dess lenger tid det går, dess større er håpet på at elva er gyrofri. Men det er fem år som er den tida det må gå før me kan seia at ho er friskmeldt, og det vil seia i 2017.

Lys i tunnelen

Sist det blei tatt prøvar var i august. Desse viste ingen spor til gyro. I november blir nye prøvar presentert av elva. No er det snart 20 år sidan parasitten først vart påvist hausten 1996.

Les også: Merkeprosjekt skal gje viktig kunnskap om laks

– Då vart elva behandla med rotenon to gonger i 1997 med 10 tonn død fisk. Og så var det ei ny behandling i 2005, men også denne gongen var det mislykka. Til slutt har me behandlinga me gjorde i 2011 og 2012, fortel Sælthun.

Dette er første gongen det har gått så lang tid utan at det er påvist gyro. 

God fiskesesong

Sesongen har vore god også på andre måtar. Når det gjeld fisket, kan leiaren fortelja at sesongen totalt sett har vore bra trass i seint innsig på grunn av ein sein sommar. 

– Spesielt i den øvre delen av elva vart det ein kort sesong, men totalt sett er me nøgde.

Les også: Kjølig fiskestart

Denne fiskesesongen er det teke 1116 laks, inkludert smått og stort. 75 prosent av desse er slept ut att. 

Til toppen