ANDREINNTAKET: Årdal vidaregåande skule tek over inntaket av elevar ved skulen etter 10. august. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
ANDREINNTAKET: Årdal vidaregåande skule tek over inntaket av elevar ved skulen etter 10. august. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen (Foto: Arkiv)

Framleis ledige skuleplassar

105 fleire søkjarar har fått melding om at dei har fått plass under andregangsinntaket til vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane til hausten.

Når andreinntaket var klart 31. juli er det 47 søkarar med ungdomsrett som står utan tilbod. Søkarar på venteliste fordelar seg til dei fleste skulane og utdanningsprogramma i fylket. 

Ledige plassar 

Framleis er det 335 ledige skuleplassar på dei vidaregåande skulene, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune på sine nettsider. 

Dei som no har fått tilbod på andregangsinntaket for skuleåret 2015-2016, har svarfrist til 5. august. Etter 10. august er det dei vidaregåande skulene som sjølv tek over inntaket. 

Årdal vgs

Ved Årdal vidaregåande skule er det flest ledige plassar ved Påbygging til generell studiekompetanse, vidaregåande trinn 3. Der står det att ni ledige plassar. Ved Kjemiprosess er det sju ledige plassar på vg 2.

Det vart også klassane som hadde lågast søkjartal i vår, og som rektor Geir Kjetil Øvstetun uttrykte at det kunne bli ei utfordring å fylle. 

Les også: Nedgang i søkjarar til vidaregåande skular

I tillegg står det att ein til to plassar på faga Service og samferdsel, vg 1, Salg, service og sikkerhet, vg 2, Språk, samfunnsfag og økonomi, vg 2, realfag, vg 2, og automatiseringsfaget, vg 3. 

Heile lista over finn du her.  

Til toppen