Årdal: Rema 1000-kjøpmannen i Sogndal, Jan Knut Einarsen, forsikrar overfor NRK at dei framleis vil kjøpe inn syltetøy direkte frå Lerum, og dermed omgå distribusjonen til Rema.
– Rema 1000 i Sogndal og Årdal vil framleis ha alle Lerum-produkta i butikkane. Syltetøyet vil dei kjøpe direkte frå Lerum, slik dei har gjort sidan 1991. Dei andre produkta – juice og saft, får dei via distribusjonssystemet til Rema 1000, seier Einarsen til NRK.
- Les også: Lerum syltetøy kasta ut av Rema-butikkar
No ser det ut til at Lerum-syltetøyet vil dukke opp også i andre Rema-butikkar i fylket. Lars Kristian Lindeberg er administrerande direktør for kategori og innkjøp i Rema 1000 og seier at dei framleis vil ha mange Lerum-produkt, også syltetøy, i butikkane i Sogn og Fjordane. Dette fordi ein del av den nye strategien til Rema går ut på å auke lokale og regionale merke.
– Vi vil ha 13 variantar av Lerum-syltetøy der. I tillegg vil vi ha saft og leskedrikk frå Lerum i alle Rema 1000-butikkane i heile Noreg, seier Lindeberg til NRK.