BYGGEPLASS: Bygg og anlegg er eit av faga der flest ungdomar manglar læreplass i Sogn og Fjordane. Foto: Kimsaka/ Wikimedia Commons
BYGGEPLASS: Bygg og anlegg er eit av faga der flest ungdomar manglar læreplass i Sogn og Fjordane. Foto: Kimsaka/ Wikimedia Commons

Framleis manglar 140 ungdomar læreplass

Likevel er det færre enn på same tidspunkt i fjor. Då stod 200 kvalifiserte ungdomar utan læreplass. 

313 av dei 467 primærsøkjarar med ungdomsrett til opplæring i bedrift 1. mars, har  no skaffa seg læreplass. I tillegg er det 61 søkjarar som har gått for eit lågare ønske  av læreplass enn førstevalet. 

I faga som flest ungdomar manglar læreplass er i bygg og anlegg, bil, elektro, sal, helsefag, industri og maritime fag, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding. 

Heile oversikta finn du her. 

Merksemd på behovet har hjelpt

Meir merksemt på fag- og yrkesopplæringa og behovet for læreplassar har bidrege til at fleire får læreplass tidlegare.

Det syner at arbeids- og næringslivet i større grad lykkast med å gi ungdom som ønsker ei yrkesfagleg opplæring moglegheit til å fullføra ei utdanning som fagarbeidarar. 

– Me er glad for merksemd rundt mangelen på læreplassar, det reduserer talet på dei som står utan frå dag til dag, seier Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring.

Som å søkja jobb

– Dei som står utan læreplass må vere aktive mot aktuelle bedrifter og opplæringskontor i tida framover. Det er som å søkja jobb, ein må stå på sjølve, seier Skaasheim. 

Fylkeskommunen jobber for at alle som har læreplass som første ønskje skal få det sjølv om fleire har fått skuleplass.

Alternativ til opplæring i bedrift

Frå 19. august må søkjarane som framleis er interessert i læreplass, møte på den vidaregåande skulen dei gjekk på. Skulane vil rettleie og hjelpe desse vidare. Kvar enkelt blir oppmoda om å fylle ut eit elektronisk skjema som dei får på SMS, slik at den enkelte skal få best mogleg oppfølging. 

Skaasheim fortel at fylkeskommunen vurderer å setje i gang vg3 i skule i Sogn og Fjordane eller i samarbeid med andre fylkeskommunar. Det vil ha tilpassa læreplan til dei aktuelle faga. Eit slikt tilbod vil først bli starta opp i september/oktober.

I tillegg vil det blir tilbod om læreplasskurs for dei som ønskjer læreplass, men ikkje har skaffa seg ein, eller ikkje er kvalifiserte. Der kan ein mellom anna ta opp att fag, då kurset er individuelt tilpassa, noko som vil auka sjansane for å få læreplass, fortel Skaasheim. 

Du kan lesa meir om læreplasskurs her. 

Til toppen