UTSETT: Bermålstunnelen skulle eigentleg opna for ferdsel heile døgnet og med regulær fartsgrense på 80 km/t 1.november, men det vil framleis bli nattestengt her utover vinteren grunna sikringsarbeid som ikkje var pårekna. Tunnelen skal seinast vera opna heile døgnet og fartsgrensa sett opp att til 80 km/t 31.mars. Arkivfoto: Statens Vegvesen

Framleis nattestengt utover vinteren

Grunna arbeid med vass- og fossikring som ikkje var pårekna kan Bermålstunnelen bli nattestengt til 31.mars.

Lærdal/Årdal: – Per definisjon har entreprenør rett til å driva på til 31.mars. Alt av vass- og fossikring måtte takast att, så det vart ein formidabel mengdeauke, seier prosjektleiar i Statens Vegvesen, Sveinung Hovland.

I januar starta arbeidet med oppgradering av Bermålstunnelen på kommunegrensa mellom Årdal og Lærdal.  Nytt lysanlegg skulle på plass, ei havarinisje byggjast inne i tunnelen, i tillegg til installasjon av ventilasjon, utbetring av vass- og frostsikring og legging av ny asfalt i heile tunnelen.

Framleis 50 km/t

I heile år har tunnelen vore stengt frå klokka 20 om kvelden til klokka 6 om morgonen måndag til fredag, tidsrommet arbeidet har vore gjort. Tunnelen har vorte opna for ferdsel med leiebil fire gonger i desse åttetimarsperiodane.

Dette skulle etter planen opphøyra 1.november, men grunna det meir omfattande arbeidet med vass- og frostsikring er ny dato for når arbeidet skal vera avslutta sett til 1.mars 2017.

Om det vil ta så lang tid veit ikkje Hovland sikkert, men han fortel at det vil vera nattestenging så lenge entreprenør har behov for å jobba fram mot 1.mars.

Fartsgrensa har vore sett ned til 50 km/t, og slik vil det vera ei stund til, fortel Hovland. 

– Tunnelen er ferdig asfaltert og merka, mobildekninga skal også vera tilbake. Men fordi det ikkje er full tryggleiksutrusting på plass får me ikkje skilta opp til 80 km/t.

Til toppen