NEDGANG: Industriomsetninga gjekk ned med 4,5 prosent i fjor, ifølgje SSB.​ Samtlege kvartal i 2015 enda med tilbakegang i industrien. Foto: Flickr/Norsk Hydro. 
NEDGANG: Industriomsetninga gjekk ned med 4,5 prosent i fjor, ifølgje SSB.​ Samtlege kvartal i 2015 enda med tilbakegang i industrien. Foto: Flickr/Norsk Hydro. 

Framleis nedgang for norsk industri

Industriomsetninga gjekk ned med 4,5 prosent i fjor, ifølgje SSB.

Årdal/Lærdal: Eksportmarknaden hadde ein nedgang på 2 prosent, medan innanlandsmarknaden sokk med 6 prosent, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

I siste kvartal sokk industriomsetninga med 3,2 prosent. Dei næringane som bidrog mest til nedgangen er selskap som driv med bygging av skip og oljeplattformer. I tillegg slit maskin- og metallindustrien og selskap som driv med maskinreparasjon.

Trass i nedgangen frå tredje til fjerde kvartal, vart det likevel registrert ein oppgang på 3,4 prosent frå november til desember i fjor. Dette kjem hovudsakleg av ein vekst i eksportmarknaden, ifølgje SSB. Selskap som byggjer skip og oljeplattformer, stod for 21,5 prosent av denne veksten.

Ei viktig årsak til fallet i industriproduksjonen er redusert investeringsaktivitet i norsk olje- og gassektor, ofte omtalt som oljebremsen, skriv E24.

– Vårt syn er det kraftigaste fallet er bak oss, seier sjeføkonom i Seb, Stein Bruun, til E24.(©NPK/Porten.no)

Til toppen