VENTAR PÅ MARKNAD: Egil Erstad i Østfold Energi er overtydd om at hydrogen er framtida, men ein kan ikkje starte produksjon før det finst ein marknad som vil kjøpe produktet. Foto: Truls Grane Sylvarnes/Østfold Energi.
VENTAR PÅ MARKNAD: Egil Erstad i Østfold Energi er overtydd om at hydrogen er framtida, men ein kan ikkje starte produksjon før det finst ein marknad som vil kjøpe produktet. Foto: Truls Grane Sylvarnes/Østfold Energi.

Framleis optimistisk til hydrogenfabrikken

Men å skape ein marknad for produktet tar lenger tid enn venta.

Årdal: Håpet er å få på plass ein pilot i løpet av året, men førebels er ingenting bestemt i Østfold Energi.

I haust kom det fram at selskapet går med tankar om å etablere ein hydrogenfabrikk i det såkalla Dooria-bygget på Årdalstangen.

– Marknaden er litt treigare enn me hadde rekna med, men me jobbar vidare med å sjå på moglegheiter innanfor ferjetrafikk, buss og tungtransport spesielt. Det er der det største potensialet ligg, seier prosjektleiar i Østfold Energi, Egil Erstad, til Porten.no.

– Må ha avsetning for hydrogenet

Med andre ord er ikkje marknaden heilt klar for hydrogen enno. Difor vert det jobba hardt inn mot dette no. Østfold Energi har også fått forlenga opsjonen med Siva om kjøp av bygningen til ut januar. 

– Så håpar me at i løpet av 2017 har me fått dette avklart. Me må ha avsetning for hydrogenet rett og slett. Det er der me jobbar mest no for å få det til. 

30 millionar for pilotanlegg

Det blir uansett ikkje snakk om nokon storskala fabrikk før ein har prøvd ut ein pilot. Dette har dei henta inn prisar på. Med fyllestasjon og produksjonsanlegg må ein opp med rundt 30 millionar kroner.

– Me jobbar no inn mot myndigheitene for å få støtte til prosjektet. Det er ein avhengig av i ein slik pionerfase. Myndigheitene må stille opp for å få til ei omlegging i transportsektoren, seier Erstad.

– Me er sikre på at hydrogen er framtida, men det er tidspunktet ein er avhengig av her. Når er marknaden klar for dette? Dette heng saman; om ein har hydrogen tilgjengeleg, vil det losne på marknadssida, men det er å få mundigheitene med på den tankegangen som er viktig no.

Til toppen