PÅ JAKT: Arnt Moen, Bente Myrland og Birgitte Thomassen synest det er frustrerande at dei ikkje har fått på plass eit handballstyret i Jotun enno. Gjennom media håpar dei å få hjelp til å finne dei rette personane. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PÅ JAKT: Arnt Moen, Bente Myrland og Birgitte Thomassen synest det er frustrerande at dei ikkje har fått på plass eit handballstyret i Jotun enno. Gjennom media håpar dei å få hjelp til å finne dei rette personane. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Framleis på jakt etter personar til handballstyret

Etter fleire forsøk har IL Jotun framleis ikkje klart å få på plass eit nytt styre for handballen. No går dei breitt ut i jakta på dei rette personane. 

Årdal: – Det har vore liten respons for å seia det enkelt.

Det seier den nye leiaren idrettslaget, Arnt Moen, om jakta på det nye handballstyret. Ein drøy månad etter årsmøtet manglar framleis ein leiar for handballstyret, ein nestleiar, ein sportsleg leiar og sekretær.

– Me har snakka med fleire personar, men ikkje kome heilt i mål. Her må me sjå om det er personar som kunne tenkja seg å vera med på dette, men som ikkje fangar opp at me er på jakt etter personar, seier Moen.

Frustrerande

Gjennom media håpar han og leiarane i den aldersbestemte handballen at dei skal klare å finne dei rette personane til å styre handballtilbodet i Jotun. 

Dårleg tid og andre verv er ofte årsaker som går igjen hjå personane som har blitt spurt.

– Det er frustrerande, og ein blir litt oppgitt. Folk vil gjerne senda ungane på handball og ønskjer at me skal ha eit miljø, men skal me få til det, må folk stilla opp. Ein kan ikkje venta seg at dei same skal sitja heile tida, seier Bente Myrland.

– Det må jo vera i alle sin interesse at ungane skal vera aktive. Det er for gale dersom handballen skal forsvinna fordi me ikkje har folk til å sitja i posisjonane, legg Birgitte Thomassen til.

– Kan få konsekvensar

Moen fryktar det kan få konsekvensar for handballen dersom ein ikkje har eit handballstyre.

– Det kan få konsekvensar for heile laget. Me har bra dekning på trenarar og oppmenn slik det er no, så me har den rette kontakten mot laga, men utan leiarar spøker det for aktiviteten i laget og handballen som idrett. 

Jotun/ÅTIL, som blei det nye namnet på seniorlaget rett før sesongstart, har hatt ein tøff sesong med berre éin siger. Det unge laget må dermed ta turen ned i 4. divisjon. For berre to år sidan kjempa dei i 2. divisjon. Utanomsportslege konfliktar har funne vegen til media, og nyleg blei det også klart at Olafur Sveinsson ikkje held fram som trenar. 

Satsing på unge

Dette er eit resultat av at det ikkje er aktuelt å ha ein løna trenar i 4. divisjon. Ressursane skal no flyttast meir over på aldersbestemt.

– Me skal satsa på dei yngre. Å byggja opp her er eit viktig grep fordi det bygg opp under seniorlaget. Me ønskjer å få til fleire trenarutdanningar og få opp kvaliteten, så dette blir som å byrja frå start, seier Moen. 

Då Porten.no snakka med Sveinsson etter nest siste heimekamp, meinte han at laget igjen kunne nå gamle høgder dersom dei rette personane med engasjement kom inn. 

– Det treng ikkje vera feil det, men me er ikkje der no. Det er viktig at me får samla oss litt og starta jobben med å vera gode frå dag éin. Trenarutdanning er ein av mange byggjeklossar som gir resultat på sikt, trur Moen.

– No har me meir enn nok med å stabla på fote ein god og normal drift. Då har ein eit tilbod til ungane, og så vil dei andre tinga kome etter. 

Langsiktig løp

Moen meiner det er det nye handballstyret som set premissane for korleis neste år skal sjå ut. 

– Då er det klart at ein må bruka tid på kva nivå ein skal leggja seg på. Økonomi, tal ungar og trenarkrefter spelar inn. Det er eit langsiktig løp dersom damelaget skal rykka opp og få ein ny vår. Det kan vera ein sjanse for at det skjer, men slik me har valt å prioritere no, så prioriterer me dei yngre framfor senior for augneblinken.

Til toppen