RETT DEKK: Om du har piggdekk, vinterdekk utan pigg eller heilårsdekk skal mønsterdjupna vera minst tre millimeter etter 1.november. Illustrasjonsfoto 
RETT DEKK: Om du har piggdekk, vinterdekk utan pigg eller heilårsdekk skal mønsterdjupna vera minst tre millimeter etter 1.november. Illustrasjonsfoto 

Framleis på sommardekk? Då kan det vanka bot

Ein lastebil på sommardekk i Sogndalsdalen førre veke fekk 3000 kroner i bot. Det kan også du få, om du køyrer med for liten mønsterdjupn.

Sogndal: Politiet i Sogn og Fjordane twitra i fredag at ein utanlandsk lastebil hadde fått 3000 kroner i førelegg og bruksforbod til den hadde fått lagt på vinderdekk.  

Ei slik bot er noko alle vil få dersom ein køyrer på dekk med mindre mønsterdjupn enn tre millimeter. Etter 1.november skal dekka nemleg ha minst 3 millimeter djupn i mønsteret, mot 1,6 millimeter som minste djupn før 1.november.

Kan mista både lappen og skilta, pluss få kutt i forsikringspengane

Førelegget blir på 750 kroner per dekk som ikkje er i tråd med reglane. Vidare kan ein mista både lappen og skilta om dekka er langt under grensa, skriv dinside.no.

Ein kan også få store kutt i forsikringserstatninga om årsaka til ei ulukke er feil med dekka:

– Er årsaka til ei ulukke feil type dekk med tanke på veg og føre, eller for lita mønsterdjupn i dekka, risikerer bilførar solide kutt i erstatninga frå forsikringsselskapet, seier Thomas Nilsen, seniorrådgjevar i KLP Skadeforsikring i ei pressemelding.

Til toppen