STENGT: Vinmonopolet kjem framleis til å vere stengt i påsken. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STENGT: Vinmonopolet kjem framleis til å vere stengt i påsken. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Framleis påskestengt på polet

Trass i lovendringa som tillèt Vinmonopolet å halde ope påskeaftan, er onsdag siste sjanse også denne påska. Tariffavtalen opnar ikkje for påskejobbing for dei tilsette.

  • Endret

Årdal: – Det er viktig at folk får med seg at det framleis vil vere stengt på påskeaftan trass i lovendringa som seier at vi kan halde ope, seier informasjonskonsulent Ida Brenden Engholt i Vinmonopolet til E24.

– Dette er fordi dei nye vilkåra framleis ikkje er ferdigforhandla med fagforeiningane. Vi jobbar med forhandlingane no, og neste år vil det vere ope også på påskeaftan, forsikrar ho.

Dermed er onsdag 23. mars siste moglegheit for den som vil sikre seg edle dropar til høgtida her heime. Rett over grensa finst det derimot ei ekstra moglegheit på påskeaftan. Systembolaget i Strömstad held ope til klokka 15 denne dagen. (©NPK)

Til toppen