FLEIRTAL: Ap, Sp og SV har fleirtal med 87 mandat i ein utrekning basert på fylkesmålingar. På dei nasjonale målingane må Støre i tillegg ha støtte frå MDG eller Raudt. Her frå då Støre besøkte Årdal under valkampen i 2015.
FLEIRTAL: Ap, Sp og SV har fleirtal med 87 mandat i ein utrekning basert på fylkesmålingar. På dei nasjonale målingane må Støre i tillegg ha støtte frå MDG eller Raudt. Her frå då Støre besøkte Årdal under valkampen i 2015. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Framleis raudgrønt fleirtal på fylkesmålingane

Ap, Sp og SV har fleirtal med 87 mandat i ein utrekning basert på fylkesmålingar. På dei nasjonale målingane må Støre i tillegg ha støtte frå MDG eller Raudt.

Sogn og Fjordane: Gjennomsnittet av dei åtte nasjonale meiningsmålingane som så langt er publisert i august, gir ifølgje Poll of polls 84 mandat til dei tre raudgrøne partia. Det er eitt mandat under det som trengst for å få fleirtal på Stortinget.

Først når mandata til Miljøpartiet Dei Grøne eller Raudt blir talde med i reknestykket, vippar fleirtalet i favør av Ap-leiar Jonas Gahr Støre. MDG er inne med tre mandat og Raudt med to på gjennomsnittet av augustmålingane så langt.

Derimot er det raudgrønt fleirtal når Poll of polls reknar mandata med utgangspunkt i dei 21 ferskaste målingane som er tatt opp i alle dei 19 fylka a i landet. Då endar Ap, SV og Sp med 87 mandat, mot 77 totalt for Høgre, Frp, Venstre og KrF.

Fram for SV og Sp

SV og Senterpartiet gjer det sterkare på snittet av fylkesmålingane enn på dei nasjonale målingane, mens det er omvendt for regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet.

SV er inne med ti mandat og 5,5 prosent oppslutning basert på fylkesmålingane, mot ni mandat og 5,1 prosent på dei nasjonale målingane. Sp har høvesvis 11,9 prosent og 22 mandat basert på fylkesmålingane og 10,7 prosent og 20 mandat på det nasjonale gjennomsnittet.

Høgre har 44 mandat og 23,7 prosent på det nasjonale snittet, men søkk til 43 mandat og 23,2 prosent når reknar ut eit landsgjennomsnitt basert på dei fylkesvise målingane. Frp er to i minus frå 25 mandat nasjonalt til 23 fylkesbasert, med ei oppslutning på høvesvis 13,4 og 12,6 prosent.

Ned for Ap

Trenden med tilbakegang for Ap som ein kan lese ut av snittet på dei nasjonale meiningsmålingane gjer seg gjeldande også på fylkesmålingane. For fire veker sidan låg Ap på 31,8 prosent i eit landsgjennomsnitt basert på fylkesmålingar, mot 29,4 prosent no. Det er ned tre mandat frå 58 til 55.

Tilbakegangen for Sp er noko svakare på fylkesnivå enn nasjonalt, mens Høgre går fram siste fire veker på fylkesmålingane frå 20,9 prosent til 23,2 prosent.

Også MDG har løfta seg på fylkesmålingane, frå 3,4 prosent og to mandat for fire veker sidan til 3,9 prosent og tre mandat på snittet no.

18 av dei 21 fylkesvise meiningsmålingane er gjort i august, ni av dei den siste veka. To av målingane skriv seg frå juli og ei frå juni. 14 av målingane er utført av InFact, fem målingar er utført av Resons, mens Sentio står bak to av målingane. Ved tre av målingane er talet på respondentar ikkje publisert. Totalt er talet på respondentar for dei andre 19 målingane 15.529.

(©NPK)

Til toppen