LOKALMAT: Lokalmat er i vinden som aldri før. I oslofilialen til bøndene kan folk finna lokalmat frå heile landet. (Illustrasjonsfoto: Kari Hamre / NPK)
LOKALMAT: Lokalmat er i vinden som aldri før. I oslofilialen til bøndene kan folk finna lokalmat frå heile landet. (Illustrasjonsfoto: Kari Hamre / NPK)

Framleis rift om lokalmat

Salet av lokalmat går så det susar. Omsetnaden veks dobbelt så raskt som omsetnaden i resten av daglegvaremarknaden.

– Vi er allereie snart havvegs til å nå målet om ein lokalmatomsetnaden på 10 milliardar kroner i 2015. Det er eg strålande nøgd med, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Medan omsetnaden for resten av daglegvaremarknaden i fjor berre var på 3,1 prosent, auka omsetnaden av lokalmat i butikk med 8,8 prosent. Det utgjer 4,8 milliardar kroner, heiter det i ei pressemelding får Landbruks- og matdepartementet. Opplysningane byggjer på tal som Matmerk har samla inn.

Landbruks- og matministeren trur den positive utviklinga vil halda fram.

– Når vi no tek fatt i utfordringa med å få sett mat og reiseliv endå meir saman, er eg trygg på at vi tippar 5 milliardar kroner neste år, seier Dale.

Han meiner reiselivsstrategien til departementet vil gje nokre viktige føringar som kva som må til for å få endå sterkare vekst i lokalmatmarknaden. 

Til toppen