FARE FOR FLAUM: Elva Utla har vakse i takt med gradene den siste veka, og høge temperaturar til fjells gjer at snøsmeltinga har skutt fart. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FARE FOR FLAUM: Elva Utla har vakse i takt med gradene den siste veka, og høge temperaturar til fjells gjer at snøsmeltinga har skutt fart. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Framleis risiko for snøsmelteflaum

Flaumfaren er ikkje over i Sogn og Fjordane. 

Godt over halvveges inn i den første sommarmånaden er faren for vårflaum framleis tilstades. Ein relativt kald vår med mykje snø i fjellet gjer at det framleis er risiko for snøsmelteflaum.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sine målingar viser at det framleis er svært mykje snø i fjella i Sogn og Fjordane. Ein del stader har det aldri blitt målt meir snø på denne tida av året sidan dei starta med systematiske målingar i 1958.

I eit notat frå fylkesberedskapsrådet vurderer dei flaumsituasjonen framover som svært avhengig av vêrtilhøva. 

– Det har vore ein del smelting under 1200-1300 meter den siste veka, og det er ikkje venta særleg nedbør dei nærmaste dagane. Dersom det vert varmt vêr og mykje nedbør samstundes, vil det verte flaum i mange av dei snørike vassdraga.

– Med så store mengder snø som ligg att, vil det kunne vere fare for stor flaum lenge. NVE sine modellberekningar tilseier at det er mellom 40 prosent og 50 prosent sannsyn for oransje varslingsnivå (mellom 5- og 50-årsflaum). Det er opp til 5 prosent sannsyn for raudt varslingsnivå (større enn 50-årsflaum). 

I haust opplevde spesielt Lærdal, men også Årdal flaum. Verst gjekk det ut over Flåm i nabokommunen Aurland. Ein potensiell vårflaum har blitt varsla i fleire veker, og det NVE fryktar mest er høge temperaturar kombinert med nedbør. 

Til toppen