Indre Sogn: Sterk vind og snø har gjort det vrient å ta seg over fleire fjellovergangar i Sør-Norge. Utover dagen er vêret venta å løya, men inntil vidare er fleire av dei framleis stengde.
Her er stoda akkurat no i Indre Sogn:
- Filefjell er ope. Klokka vart det meld om minus éin grad, frisk bris og opphald.
- På Hemsedalsfjellet er det no fri ferdsel, etter at det tidlegare på dagen vart innført kolonnekøyring. Store kjøretøy blir oppfordra til å bruka kjetting. Klokka 12.50 var det minus to grader, frisk bris og opphald. Fram til 9.30-tida var vegen heilt stengd på grunn av uvêret.
- Fjellovergangen mellom Aurland og Hol er stengd på grunn av oppryddingsarbeid.
- Tyin-Årdal er stengd på grunn av uvêr.
- Vikafjellet er stengd på grunn av ras og fare for ras. Ny vurdering skal vera rett rundt hjørnet.