STOR AVSTAND: Etter halvanna dag med forhandlingar er avstanden framleis stor mellom staten og bondeorganisasjonane. Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.
STOR AVSTAND: Etter halvanna dag med forhandlingar er avstanden framleis stor mellom staten og bondeorganisasjonane. Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.

Framleis stor avstand i jordbruksoppgjeret

Etter halvanna dag med forhandlingar er avstanden framleis stor mellom staten og bondeorganisasjonane.

Indre Sogn: Bondeorganisasjonane har vurdert statens tilbod i jordbruksoppgjeret og blitt samde om å gå i forhandlingar med staten.

Statens forhandlingsleiar Leif Forsell meinte før første møtet laurdag at avstanden er mindre enn i fjor. Søndag ettermiddag såg han litt annleis på det.

– Hovudinntrykket er at det er veldig stor avstand i synet på innretninga på bruk av pengane, seier han til Nationen.

Forsell mener at staten har en nøytral profil, medan bøndene ikkje har det.

Jordbrukets forhandlingsleiar og leiar i Noregs Bondelag, Lars Petter Bartnes, seier det er krebjande, og at det er stor avstand på alle viktige spørsmål knytt til hovudprioriteringane, som er budsjettbeløp, struktur og fordeling.

Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har fremja eit krav på 860 millionar kroner, medan staten tilbod ei ramme på 90 millionar kroner. Forhandlingane startarlaurdag 7. mai, og er venta avslutta seinast fredag 13. mai. 

Til toppen