FRAMLEIS STORM: Stormen «Nina» gjorde at Kjøkkelvik ikkje møtte til kamp mot Jotun. Framleis har ikkje dei raude og grøne fått poenga sine. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
FRAMLEIS STORM: Stormen «Nina» gjorde at Kjøkkelvik ikkje møtte til kamp mot Jotun. Framleis har ikkje dei raude og grøne fått poenga sine. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Framleis storm etter at Kjøkkelvik ikkje møtte til kamp

Over ein månad etter at Kjøkkelvik ikkje møtte til kamp mot Jotun pågår klageprosessen framleis.

Den 10. januar skulle Jotun ta imot Kjøkkelvik til kamp i Årdalshallen, men på grunn av stormen «Nina» bestemte bergenslaget seg for å bli verande heime.

Reglane til handballforbundet i slike saker er klare: bot og motstandarlag blir tildelt sigeren og to poeng. Det er to sårt tiltrengte poeng for eit Jotun-lag med ei tå i nedrykkssona.

Men over ein månad etter hendinga står Jotun framleis med ti poeng, som er det same som Kjøkkelvik.

Kjøkkelvik anka nemleg avgjerdsla til Region Vest og vidare inn til handballforbundet sentralt. Heller ikkje der fekk dei gehør sjølv om boten vart fjerna. Jotun hadde krav på dei to poenga, meinte dei.

Prinsippsak

No har Kjøkkelvik anka saka vidare til Appellkomiteen som er tredje og siste instans. Slik dei siste vekene har uttarta seg, kan denne saka avgjere kven som rykker ned frå 2. divisjon denne sesongen.

– Sjølvsagt gjer det at denne saka får enda meir å seia, men for meg er ikkje tabellsituasjonen sakas kjerne. Det handlar om prinsippet. Her blir me straffa for å setja sunn fornuft og tryggleik føre det å gå gjennomført ein handballkamp, seier Kjøkkelvik-trenar Trond Førde Eriksen til Bergens Tidende.

I Region Vest si vurdering heiter det at «I Kjøkkelvik si forlaring framgår det ingenting om at dei vurderte å leie til dømes ein minibuss med profesjonell sjåfør, som kunne gitt andre risikovurderingar. Administrasjonen i Region Vest er av den vurdering at Kjøkkelvik i større grad burde planlagt reisa til Årdal betre, for å få avvikla kampen.»

– Viktige poeng

Sportsleg leiar i Jotun Torstein Kvam har heile tida vore klar på at vegane mellom Årdal og Bergen var opna og at også andre bergenslag valde å reisa turen over fylkesgrensa for å få spelt handballkampar. Det same dagen reiste til dømes Bjørnar til Stryn.

– Det er klart det var viktig å få dei poenga i og med at me har ein såpass tynn stall. Det er viktig at me ikkje får nokre ekstra kampar, sa Kvam til Porten.no då Region Vest først avviste anken frå Kjøkkelvik seks dagar etter at kampen skulle vore spelt.

Sidan har det dradd ut i over ein månad. No kan framtida til to handballag altså bli avgjort på eit kontor i Oslo, ikkje på parketten.

Dette er saka

Jotun skulle ta imot Kjøkkelvik til kamp 2. divisjon avdeling 4 laurdag 10. januar. Klokka 10.00 same dag ringte Kjøkkelvik og gav beskjed om at dei ikkje kom til å møte til kamp på grunn av uvêret «Nina» som var varsla.

Det var sendt ut OBS-varsel, noko som gjorde at Kjøkkelvik meinte turen vart for risikabel.

Administrasjonen i Region Vest fastslo seks dagar seinare at kampen ikkje skulle avviklast på nytt, men heller at Jotun blei tildelt to poeng og Kjøkkelvik ein bot.

Kjøkkelvik klaga saka vidare inn til Norges Håndballforbund, som holdt fast på beslutninga til Region Vest, men fjerna boten.

No har Kjøkkelvik klaga saka vidare til Appellkomiteen, som er siste instans.

Til toppen