UTFORDRING: Sjølv om Årdal kommune er ute av Robek, er det framleis utfordringar som skal løysast. Rådmann Olve Fossedal teikne eit bilete som viser eit potensiale på opp mot 40 millionar kroner – og at det er innanfor omsorg ein fin dei store pengane. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
UTFORDRING: Sjølv om Årdal kommune er ute av Robek, er det framleis utfordringar som skal løysast. Rådmann Olve Fossedal teikne eit bilete som viser eit potensiale på opp mot 40 millionar kroner – og at det er innanfor omsorg ein fin dei store pengane. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Framleis tøffe tak etter Robek

Årdal kommune er kanskje ut av Robek, men framleis er det tøffe utfordringar i vente. Berre til neste år ligg ei utfordring på rundt 20 millionar kroner.

Årdal: Det kom fram då finansutvalet hadde møte tysdag, der ein starta arbeidet med økonomi- og handlingsplanen for 2018 til 2021. Sjølv om kommunen er ute av Robek, er det framleis utfordringar.

Spesielt innanfor omsorgstenestene er det eit stort potensiale, der ein ligg rundt 22 millionar kroner over gjennomsnittet for kommunar Årdal kan samanlikna seg med. 

Til neste år ligg det an til at kommunen vil ha ei underdekning på mellom 8 og 10 millionar kroner, der auka lønskostnader utgjer 6 av desse millionane. Dersom kommunen også skal ha eit overskot på rundt to prosent, snakkar ein fort om ei utfordring på rundt 20 millionar kroner.

– Då er det ei utfordring å lage ei tiltaksliste som syner konsekvensane av eit så betydeleg nedtak. Det er min ambisjon at me i denne prosessen med finansutvalet skal kome opp med ei slik liste. Det må me gjera saman med tenesteleiarane og tillitsvalde slik at me følgjer dei spelereglane som gjeld i arbeidslivet for ein eventuell prosess, seier rådmann Olve Fossedal.

Ser ein på alle tenestene kommunen leverer og samanliknar det med liknande kommunar, er det eit potensiale på inntil 40 millionar kroner. Eit «betydeleg beløp» kallar rådmannen det og rår politikarane til å ta dette langsamt og gradvis over fleire år.

Tar tida til hjelp

Nyleg sa kommunestyret at dei vil vente litt med ein av desse planane som seier noko om korleis ein skal strukturere omsorgstenestene i framtida. Her legg ein klart og tydeleg opp til ei samling av tenester. Marie Helene Hollevik Bransdal (Ap) slår fast det rådmannen seier, nemleg at kommunen er i ein omstillingsfase og meiner det er lurt å ta tida til hjelp.

Artikkelen held fram under biletet.

UTSETTE: Eit samrøystes kommunestyre gjekk inn for framlegget frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet om å utsetje og bruke meir tid på å leggje ein plan for korleis framtidas omsorgsteneste skal strukturerast. Her Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap), Erling Offerdal (Sp) og Thomas Norheim Moen (Sp).
UTSETTE: Eit samrøystes kommunestyre gjekk inn for framlegget frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet om å utsetje og bruke meir tid på å leggje ein plan for korleis framtidas omsorgsteneste skal strukturerast. Her Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap), Erling Offerdal (Sp) og Thomas Norheim Moen (Sp).

– Me kan jo ikkje utsetja det, men å ha ein god plan er me alle tent med, trur eg. Det var bakgrunnen for at me utsette den saka. Skal me gjera gode vedtak, må ein ha gode fakta og gode prognosar, og der er det materiale ein må hente inn, seier ho og får støtte frå Erling Offerdal i Senterpartiet.

– Det er viktig at me brukar tid på dette og ser nøye gjennom kva me skal gjera på desse områda. Omsorgstenesta er slik bygd opp at me kanskje har meir menneske enn naudsynt fordi det er så spreidd. Planen vart utsett, og det trur eg var viktig for at me skal koma inn på rett spor og visa at me er ansvarsbevisste, seier han.

– Må ikkje bli dårlegare teneste

Representantane frå dei andre partia i finansutvalet er samd i at det vil vere lurt å bruke tid. Kurt Jevnaker (V) meiner dei no har fått ei god skildring av korleis røynda faktisk er.

– Så må me sjå kor vegen går vidare. Ein ser konturane av at me er i omstilling. Me er ikkje ferdig med det enno, og det blir ein jobb å gjera, og så må me bruka den informasjonen me har fått og sjå kor det er mogleg å gjera noko, seier han.

GODE TENESTER: Sjølv om kommunen truleg må effektivisere, er ikkje det dermed sagt at tenestene vert dårlegare, seier Sandra Opheim (MDG).
GODE TENESTER: Sjølv om kommunen truleg må effektivisere, er ikkje det dermed sagt at tenestene vert dårlegare, seier Sandra Opheim (MDG).

For det er mogleg å gjera noko, og då er Sandra Opheim (MDG) opptatt av at ein må ha nokon som skal laga desse gode planane. Då er det eit dilemma at det er såpass tynt i rekkene i administrasjonen, meiner ho.

– Men det treng ikkje vera slik at tenestene skal bli dårlegare av den grunn. Med strukturendringar kan ein drifta betre, men billigare. Det må ikkje bli mange upopulære val me må ta av den grunn, seier ho.

Nytt omstillingsprosjekt?

I møtet vart tanken om eit nytt omstillingsprosjekt løfta fram av ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap).

– Viss me kjem i ein situasjon med ei utfordring på 20 millionar, er det ingen veg utanom. Det er spelereglar i hovudavtalen som gjer at me må samhandle med tillitsvalte i den type prosessar, så det vil vera ein naturleg konsekvens viss det blir naudsynt, seier Fossedal.

Rådmann vil ikkje dramatisere

I så fall kan det bety eit nedtak av tal tilsette, men også her ligg det eit dilemma.

– Fordi storparten av kommunen sin aktivitet skjer innanfor område der ein går i turnus. Det vil seie at når 120 tilsette til dømes går av pensjon, så kan ein ikkje berre ta inn 100. Slik fungerer ikkje matematikken her. Då må ein sjå kva type stillingar dette er, om det er mogleg å ta ned tal årsverk. Drifta skal trass alt gå, folk har rettar, brukarane har tenestene sine, så det er ikkje så enkelt i offentleg sektor der det er lovregulert, forklarar rådmannen, som ikkje vil dramatisere dette for mykje.

– Eg vil teikne eit bilete som gjer at politikarane er bevisste på at me står føre visse typar utfordringar, så får me sjå kva desse utfordringane består seg i i den prosessen ein no har lagt opp til fram mot sommaren. 

Til toppen