UTRYGT: Isen er i ferd med å legge seg fleire stader i landet, men NVE åtvarar mot at han stort sett ikkje er farbar. Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.
UTRYGT: Isen er i ferd med å legge seg fleire stader i landet, men NVE åtvarar mot at han stort sett ikkje er farbar. Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.

Framleis utrygg is

Mange stader i landet er isen i ferd med å leggje seg, men han er stort sett enno ikkje farbar.

Årdal/Lærdal: Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler minst 10 centimeter stålis før ein går på isen. Med tryggingsutstyr, trening på redning og fleire i følgje kan ein strekke grensa nedover mot 5 centimeter, men då aukar risikoen betydeleg for å gå gjennom.

NVE ønskjer å auke kunnskapsnivået slik at ferdsel på is blir lystprega når forholda er gode, og ulykker vert unngått når forholda er dårlege. Trygg is kan vere misvisande sidan nesten alle vatn har område med usikker is. Isvarslinga bruker i staden ordet «farbar» som indikerer at det er trygt å gå på isen ved eit fornuftig vegval.

I starten av issesongen er det alltid store variasjonar i istjukkleiken, særleg på litt større vatn. Ein bør unngå å ferdast aleine, og ha med seg tørre klede og kasteline til å hjelpe kvarandre. Skøyteløparar som ferdast på tynn is, har i tillegg ein isstav, som er ein tyngre variant av ein skistav. Med den kan ein lese isen. Slår ein ikkje gjennom isen med nokre slag, er isen farbar. Ved alle skiljelinjer i isen testar dei raskt på nytt. (©NPK)

Til toppen