Tor Arne Ness i Kaupanger Næringsforening seier tomta til Sogndal vidaregåande skule på industrifeltet er ein heit kandidat for framtidig plassering av signalbygget. Foto: Halvor Farsund Storvik.
meiningar
Tor Arne Ness i Kaupanger Næringsforening seier tomta til Sogndal vidaregåande skule på industrifeltet er ein heit kandidat for framtidig plassering av signalbygget. Foto: Halvor Farsund Storvik. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
meiningar

Framoverlente tankar om Vitensenter

LEIAR: Måtte dei lykkast med å få på plass eit Vitensenter på Kaupanger.

  • Endret

Det er berre å seie det rett ut. Dette må me berre få til her i Sogn. Dette er i grunnen eit kremdøme på korleis ein bør tenkje når ein skal skape nye attraksjonar, arbeidsplassar og tilbod – samhandling og samarbeid på tvers av ferdigheiter, kunnskap og erfaringar. 

Det er gått eit halv år sidan Porten.no skreiv om dei spenstige planane om eit Vitensenter på Kaupanger. Mykje har skjedd på dette halve året, og fredag skreiv Sogndal kommune under på ein intensjonsavtale for å signalisere at dei er med. Bra!

Eit Vitensenter i Sogn er rett og slett ein knallgod idé. For det første finst det ikkje liknande i nærleiken. For det andre har me så mykje å by på denne regionen og delen av landet som bør og skal visast fram. For det tredje er det behov for realfagskompetanse. 

Eit slikt populærvitenskapeleg opplevings- og læringssenter innan matematikk, naturvitskap og teknologi der dei besøkjande lærer ved å eksperimentera sjølve kan stimulere til alt dette – anten ein er ung og lovande eller vil oppleve noko som skil seg ut. 

Med eit grunnprinsipp om at alle må vere med og dra sin del av lasset, er det ikkje heilt utenkjeleg at eit Vitensenter faktisk kan stå klart i 2019, slik leiar i Kaupanger Næringsforening, Tor Arne Ness, har forespegla. Men då må alle vera med.

Er det éin ting som er viktig når ein formidlar nyheiter om næringsliv, reiseliv eller innovasjon, så det å få folk til å forstå at ein alltid må ha villige aktørar dersom ein skal få til noko. Kapital, ja, men først og fremst vilje. Og så må det sjølvsagt vere eit behov, men det trur me at me kan slå fast at det er i dette tilfelle.

Eit Vitensenter er i grunnen eit godt døme på alt dette. Her kan aktørar frå heile regionen, ja, heile fylket syne seg fram. 

Saman kan dei danne ein møteplass, som igjen kan skape synergieffektar som kan bli til nye aktivitetar som ikkje treng å ha noko med eit Vitensenter å gjere i det heile. Berre i regionen vår finst det nok av spennande miljø innanfor reiseliv, energi, industri, teknologi og næringsliv. På mange av områda er me leiande i landet – til og med verda. 

Å syne alt dette fram gjennom eit slikt senter, vil garantert ha gode ringverknader.

Då må desse aktørane kjenne si besøkelsestid. Skuleeigarane blir sentrale sidan dette først og fremst handlar om læring. Til no har altså Sogndal kommune signalisert at dei er med. No er det på tide at nabokommunane melder seg på også, og det same må andre aktørar som tykkjer dette er ein god idé. 

Til toppen