Sogndal: Statens vegvesen har bestemt seg for å framskunde ein rutinemessig utreinsking av Fjærlandstunnelen, planlagt til 2019 til i haust.
Dette kjem i kjølvatnet av at tunnelen ved fleire høve har vorte stengd i sommar, då det har løysna flak frå tunnelveggane som har endt opp i vegbana.
– Vegvesenet har prosedyre på at det skal gjennomførast ein sjekk av tunnelane innimellom, seier driftsleiar i Sogn, Leif Henning Øyre.
– Årsaka til at me framskundar no, er at me har hatt nokre tilfeller det siste året der det har kome ein del flak frå tunnelen som stort sett har landa i grøftekanten, og derifrå ut i vegbana, seier Øyre.
Øyre: – Kan ta nokre veker
Reinsking av ein tunnel blir gjort ved hjelp av eit reinskelag som jobbar seg igjennom tunnelen, frå ein ende til ein annan, medan dei sjekkar heile fjellområdet.
Finn dei lause flak, blir dei fjerna.
– Ofte så finn dei ikkje så mykje, då er dei ferdige i løpet av nokre dagar, seier Øyre.
Han fortel at det kan ta litt tid å gjennomføre arbeidet i den i overkant seks kilometer lange tunnelen, dersom det er mykje å gjere.
– Då vil eg anta at det kan ta opp til eit par veker. Me må stenga tunnelen medan me held på, men det vil bli sett opp trafikkavvikling.
Ifølgje Øyre har Vegvesenet ikkje fastsett eit oppstartstid endå, men seier dei jobbar med å få starta i løpet av september / oktober.
– Dette er arbeid som stort sett vil bli gjort på kveld- og natterstid, seier han.