Framstegspartiet om eigen politikk

Framstegspartiet om eigen politikk

Bli kjend med kva Årdal Framstegsparti meiner er viktig for dei neste fire åra.

Alle partia som stiller liste i Årdal har fått sjansen til å fortelja kva dei meiner er viktigast inn mot valet. Det er ordførarkandidaten i kvart av partia som har svara på spørsmåla. 

Kva er den største utfordringa Årdal kommune står overfor dei neste fire åra? 

Den største utfordringa blir å få ein sunn økonomi som gir oss handlingsrom til å foreta nye investeringar.

Kva vil ditt parti gjera med det? 

Me må se på om offentleg sektor kan organiserast på ein smartare måte. Me skal kunne tilby gode tenester til lågast mogleg kostnad for skattebetalerane. Me vil at private tilbydarar skal ha dei samme moglegheitene til å levere tenester til innbyggjarane som dei kommunale foretaka har i dag.  Viss det viser seg at jobben kan gjerast billigere med dei samme kvalitetskriteria, er dagens løysing sløsing med skattebetalerane sine pengar. Det er ikkje ei kommunal oppgåve å være eigar av selskap som private kan drive sjølve. Av den grunn vil me at Årdal kommune sel Årdalsnett då Årdal kommune ikkje skal vere en pådrivar som fører til mindre annonseinntekter og salsinntekter for private foretak. 

Kva vil ditt parti gjennomføra av investeringar?

Det vil ikkje bli foretatt nye større investeringar eller låneopptak før me har fått ein økonomi som gir oss handlingsrom til dette.  Når dette er på plass, vil me foreta investeringar i samarbeid med tenesteleiarane der behovet er størst. Me vil i dette arbeidet prioritere dei unge og helse og omsorgssektoren.  

Kva vil ditt parti gjera for å sørgja for utvikling og busetting i alle bygdene i Årdal kommune? 

No kan ikkje me bestemma kor folk vil bu og dei næringsdrivande vel sjølve kor dei vil etablere seg, men me som politikarar må vere vårt ansvar bevisst og skjønna at alle vedtak me gjer kan få konsekvenser for lokalsamfunnet.  Det var i den anledninga eit svik mot Tangen at Arbeidarpartiet valte å leggje felles legekontor til Øvre. 

Kva meiner ditt parti om kommunereforma, kva alternativ passar Årdal best, og korleis stiller de dykk til folkerøysting? 

Me meiner at ved å slå oss sammen med Lærdal og Aurland, vil me kunne utnyttea ressursane betre og kompetanse brukast smartare og at me på den måten vil få betre tenester til innbyggarane. Det er ei reform for velferd og lokaldemokrati. Det er sett av betydelige middel til dette arbeidet til dekning av eingangskostnadene.  

Me kommer ikke til å gå inn for folkeavstemming om sjølve reforma eller om me skal stå åleine, for sjølve reforma er det brei enigheit om på Stortinget. Men me vil opne for ei eventuell avstemming viss det viser seg at me har fleire alternative kommunestrukturar som er aktuelle.

Me må ha i tankene at folkeavstemminger i denne type spørsmål ofte utartar til synsing, usaklegheiter og splitting i lokalsamfunnet og kan føre til at det blir tatt ei slutning som ikkje er kunnskapsbasert.

Korleis kan de som politikarar bidra til år rekruttera kompetanse til kommunen? 

Me må bli flinkare til å synliggjere kva for ein fin kommune Årdal er å bu i. At me har er eit trygt og godt oppvekstmiljø for barn. At me byrjar å få eit variert næringsliv som gir den einskilde utviklingsmoglegheiter innan sitt fagfelt. Og ikke minst at vi har en fantastisk natur som gir oss rikeleg med rekreasjonsmoglegheiter.

Korleis skal de få unge til å bli og andre til flytta til kommunen? 

No er det slik at dei unge må ut av bygda for å ta høgare utdanning og når dei først har fått sansen for bylivet, kan det i mange tilfelle vera vanskeleg å få dei heimatt. Ein del tar jo utdanning innan fagfelt som me ikkje kan tilby i Årdal. Men me har gode støtteordninger så håpet er jo at en del vel å flytta heim, bli gründerar og starte si eiga bedrift. Viss me gir dei unge eit godt oppvekstmiljø og ein barndom fylt med positive inntrykk, vil det vera enklare for dei å flytte heimatt når dei føler seg moden for dette.

I Årdal er det tradisjon for to av alt; har kommunen råd til det og kor kan ein spara pengar? 

Me skal ikkje ha to av absolutt alt, men vil poengtera at tilbod retta mot barn og unge skal oppretthaldast på begge tettstadene. Elles må me sjå på måten me organiserer helse, omsorg og barnehagane på. I Årdal har me relativt små einingar spreidd rundt omkring i kommunen, og ved å ha lokalisert oss litt annleis ville det ha ført til store innsparingar.  

Kva kan ditt parti gjera for å bidra til å sikra industri og næringsliv i Årdal? 

Me vil at kommunen skal driva ein aktiv næringspolitikk i samarbeid med verksemdene. Det er berre gjennom samarbeid, nytenking  og kreativitet ein oppnår framgang, ikkje gjennom kommunale føresegner og restriksjonar.

Kva vil ditt parti gjera for å sikra eit vidaregåande skuletilbod i Årdal? 

I Årdal har me ein videregåande skule som gir elevane den basiskunnskapen og den kompetansen som næringslivet vårt etterspør. I ei tid med stadig færre elevar og ein dårlig fylkesøkonomi blir det svært viktig å få synleggjort behovet for en videregåande skule i Årdal.

Kva vil de gjera for dei eldre og menneske med spesielle behov? 

Når me skal fordela ressursane, vil me prioritere dei funksjonshemma og dei sjuke. Me vil gå imot høge eigenandelar då det ikkje er riktig å straffe menneske fordi dei er sjuke. Me krev kvalitet i helsetenestene og at dei pårørande både blir sett og høyrt når behandlingsopplegg skal lagast. Me vil at dei eldre som har behov for det, skal få den hjelpa dei til enkvar tid har behov for. Me vil satsa på rekrutteringstiltak og etterutdanning av dei som har sitt arbeide innan pleie- og omsorgssektoren. 

Kva meiner ditt parti om satsinga på reiseliv og andre område for Årdals del? 

Me vil avslutte støtta til Visit Sognefjord då me ikkje kan sjå at den har gitt fleire turistar til bygda. I staden vil me heller bruka pengane på lokale arrangement som til dømes Målrock og støtte lokale eldsjeler som driv god reklame for bygda. Dagens turistar vel ofte reisemål basert på innsamla artiklar på private nettsider eller bloggar enn frå glansbileteproduserte artiklar frå profesjonelle aktørar. 

Kva kan de som politikarar gjera for å sikre busetjing og integrering av flyktingar? 

Me meiner at mottaket av flyktninger i kommunen ikkje skal være større enn at det står i samsvar til den hjelpa me kan yte. Med bakgrunn i den vanskelege kommuneøkonomien og ein stram arbeidsmarknad ser me oss ikkje i stand til å busetja flyktningar komande fireårsperiode.

Til toppen