SØPPEL: MDG meiner mykje kan gjerast for å unngå slike søppeldynger. Illustrasjonsfoto: Pixabay
meiningar
SØPPEL: MDG meiner mykje kan gjerast for å unngå slike søppeldynger. Illustrasjonsfoto: Pixabay
meiningar

Framtida er søppelfri 

Sogn og Fjordane er ein sinke i sortering av søppelet. Vi må betre sorteringa radikalt og gjenvinne alt no! Eingongsprodukt i plast må forbys. 

  • Endret

Fråsegn: Det hastar med å få ein kretsløpsøkonomi – sirkulær ressursøkonomi – der det materielle forbruket vert mykje mindre og alle ressursar som kan attvinnast blir attvunne, går det fram av ei fråsegn frå årsmøtet til Miljøpartiet Dei Grøne Sogn og Fjordane. 

Vi må kaste mindre og nytte alle ressursane i bosset vårt. Jorda vår har ikkje uavgrensa med mineral og klimaet tåler ikkje sløsing med fossil energi. Vårt enorme forbruk av plast fører til store lidingar for fisk og dyr. 

* Forbruket må reduserast. 

* Eingongsprodukt som handleposar i plast må forbys 

* Vi vil sette høge krav til produsentansvar. Produkta må vare lenger, vere eigna for reparasjonar og når dei vert kasserte må det vere lett å attvinne materiala. 

* Fjerne moms på reparasjonar

* Avfallsbransjen og kommunane må vere aktiv pådrivarar i lokalmiljøet for at forbrukarar og næringsliv skal satse på kvalitet, reparasjonar og gjenbruk. 

* Bosset må sorterast mykje betre. Miljøverka må sette fart i dette arbeidet. 

* Verdifulle ressursar skal ikkje havne på dynga eller forurense miljøet

Til toppen