NY FRAMTID: Det har vore mykje diskusjon om korleis Heimevernet her i landet skal organiserast i framtida. Fredag legg regjeringa fram ein stortingsproposisjon om saka.
NY FRAMTID: Det har vore mykje diskusjon om korleis Heimevernet her i landet skal organiserast i framtida. Fredag legg regjeringa fram ein stortingsproposisjon om saka. (Bilde: Terje Bendiksby/NTB scanpix/NPK)

Framtidsplanane klare for Hæren og Heimevernet

I dag, fredag, legg forsvarsministeren Ine Eriksen Søreide (H) fram stortingsproposisjonen til regjeringa om landmakta.

NPK: Spørsmålet om landmakta, det vil hovudsakleg seia Hæren og Heimevernet, har vekt mykje politisk debatt i samband med langtidsplanen for Forsvaret. 

Regjeringa valde til slutt å ta landmakta ut av langtidsplanen og vedtok i staden at det skulle lagast ei spesiell landmaktutgreiing. Stortingsproposisjonen som no blir lagt fram, er eit resultat av denne utgreiinga.

For å organisera utgreiingsarbeidet sette forsvarssjefen ned ei arbeidsgruppe, leidd av brigader Aril Brandvik. Det vart også oppretta ei referansegruppe.

Utgreiinga skal ifylgje NTB gå gjennom storleiken, organiseringa og utrustinga av landmakta. Målet er å forbetra reaksjonsevna, kampkrafta, mobiliteten og uthaldet til Forsvaret

I sommar la forsvarssjefen fram ein statusrapport om arbeidet. Forslaget om ei felles leiing av Heimevernet og Hæren var det som då vekte størst debatt.

Forsvarspolitisk talskvinne i Senterpartiet Liv Signe Navarsete er ein av dei som har markert seg sterkast mot ei slikt forslag. Ho uttalte i sommar til NTB at ho trur ei felles leiing av Heimevernet og Hæren blir første steget mot å slå dei to einingane saman på sikt.

Også Venstre har vore negativ til forslaget.

Brigader Aril Brandvik som har leidd utvalet, meinte det var nødvendig med ei felles leiing, men sa i sommar at utvalet ikkje hadde konkludert ferdig, og at det endelege framlegget først kom til hausten. Fredag får vi altså vita resultatet.

Til toppen