Sogndal: – Eg trudde eg skulle døy over Valdresfjellet. Då hadde eg på meg trøye men var heilt bar nederst, så då skalv eg godt, seier Frank Løke, vel i mål etter å ha sykla rundt Jotunheimen.
Det var på sosiale medium at handballspelaren sa han skulle sykle rittet i "Borat-drakt", noko han angra på då han hadde sykla ei stund.
– Eg angra då det var 15 mil igjen. Då var eg veldig langt nede, men eg gir meg aldri. Eg fullfører alltid og det gjorde eg i dag òg.
Har gnagsår over alt
Han legg ikkje skjul på at han er sår både her og der etter stuntet.
– Kvar gong eg reiste meg frå sykkelsetet sat rompa fast, seier Løke.

– Eg forstår ikkje kva du er laga av, seier ein syklist som kjem bort og gratulerar Løke med den noko annleis innsatsen.
– Det var galskap det der, eg lærer aldri. Men for ein flott natur de har og for eit bra løp, understrekar Løke, som kom i mål etter nesten 17 timar på sykkelen.
Sterke vinnarar på delt plass
Årets fyrsteplass blei delt på tre sterke menn.
– Erno Kainolainen, Eivind og Fredrik Henne kom i mål på likt etter 12,5 timar, fortel Ole Simen Nesdal, speaker under sykkelrittet.
Den fyrste kvinna i mål var Monica Storhaug på tida 13:43.
– Ho tok i tillegg rekorden blant damene i år, fire år etter at ho gifta seg i det ho kom i mål her i Sogndal, seier Nesdal.
Varma seg på panelovn
Ein annan gjeng som er nøgde etter eigen innsats i sykkelrittet er Erlend Hjemdal, Arild Halland, og Ketil Solbu frå Sotra.

– Dette rittet er fantastisk, og det er fjerde gongen me syklar det. I dag har det gått frå himmel til helvette, så tilbake til himmelen.
Grunnen var det kalde vêret over fjellet.
– Me satte oss på ein jentedo der det var ein panelovn. Etter 50 minutt var me varme nok til å sykla ned til Lom. Derifrå gjekk det bra, og utanom kulden har det vore perfekt, seier dei.