TRUSEFIN: Frank Løke syklar ned Sognefjellet utan bukse.
TRUSEFIN: Frank Løke syklar ned Sognefjellet utan bukse. (Foto: Martin Berdal)

Frank Løke har passert Sognefjellet i trusa

Handballspelaren annonserte på sosiale medium at dersom han fekk 10.000 likarklikk skulle han sykla Jotunheimen Rundt i ei Rudolf-inspirert "Boratdrakt".

Luster: – Han måtte ha på seg ei trøye då, seier Martin Berdal, som står vakt for Røde Kors på Sognefjellet. 

Det verkar til at det har blitt i kaldaste laget for Løke som sa han berre skulle ha på seg "Borat-drakt".

– Ein kar her sa det var to minusgrader over Valdresflya så han har sikkert fått kjenna på kulden i natt, seier Berdal. 

– Løke såg sliten ut 

Over Sognefjellet derimot er det ikkje mykje teikn til kulde. 

– Det er vindstille, 20 plussgrader og steikande sol. Ein skal ikkje seia noko på vêret her i alle fall. 

Berdal fortel at Løke såg sliten ut og at det endå er 50-60 kilometer att før han er i mål. 

– Han såg segen ut og det var ikkje mykje ekstra energi han meddelte då han sykla forbi oss, men han har no valgt det sjølv. 

Ingen skada på vegen over Sognefjellet 

Fleire og fleire nærmar seg målet i Jotunheimen Rundt, medan Sognefjellsrittet akkurat er starta. 

– Dei er nettopp byrja å sykla frå Lom, fortel Berdal som er nøgd med at rittet så langt har gått knirkefritt ned Sognefjellet.

– Det har ikkje vore nokon skadar, berre eit par punkteringar og nokre reporasjonar på gir. Det er stille og roleg, og me nyter vêret og helsar på syklistar. 

Til toppen