FRANKENKVELD: Ei nynorsk omsetjing av ein gamal klassikar var temaet for bokkvelden på Kulturhuset i Sogndal. Foto: Øyvind Nondal.
FRANKENKVELD: Ei nynorsk omsetjing av ein gamal klassikar var temaet for bokkvelden på Kulturhuset i Sogndal. Foto: Øyvind Nondal.

Frankensteins metafor på litteraturkveld

Torsdag var det litteraturkveld i Blaoboxen - den tidlegare høgskulekantina på kulturhuset i Sogndal.

Sogndal: Det er forfattar Øystein Vidnes som står bak den nynorske omsetjinga av klassikaren og science fiction-romanen Frankenstein. Boka handlar om ein vitskapsmann som forsøkjer å skape eit nytt og betre menneske, men som i staden skapte eit monster.

Tenkjer berre på ambisjon og utvikling

Dette var også noko av temaet på litteraturkvelden, der forfattar Katrine Sele samtala med Vidnes om ansvaret for det vi gjev liv til.

Frankensteins metafor har fått ei rolle i dagens vitskaplege debattar. Plantar som er genetisk endra vert ofte referert til som «Frankenfood».

Katrine Sele seier vi har mykje makt som menneske til å skape ting. 

— Frankensteins monster har mange parallellar til vår tid. Vi kan mykje teknologisk, og tenkjer berre på ambisjon og utvikling. Vi må ta meir ansvar for det vi skapar, legg ho til.

God stemning

Det var om lag 20 som hadde funne vegen til litteraturkvelden i Blaoboxen.

Øystein Vidnes er designar, forfattar, omsetjar og illustratør, opphaveleg utdanna litteraturvitar. Vidnes har omsett Frankenstein eller den moderne Prometevs til nynorsk. Han står også bak designet av SKALD sin nye klassikarserie, saman med Andreas Töpfer.

Katrine Sele er forfattar, prisløna journalist og driven bokbadar. Ho arbeider som rådgivar på Høgskulen på Vestlandet, seksjon for forsking og utvikling.

Til toppen