NYNORSK: I alt 476 av til saman over 600 høyringsfråsegner om Vestlandsregionen gjekk inn for nynorsk. Berre 10 fråsegner ville ha bokmål eller språknøytralitet i den nye storregionen, viser ei oppteljing som Nynorsk kultursentrum har gjort.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 
NYNORSK: I alt 476 av til saman over 600 høyringsfråsegner om Vestlandsregionen gjekk inn for nynorsk. Berre 10 fråsegner ville ha bokmål eller språknøytralitet i den nye storregionen, viser ei oppteljing som Nynorsk kultursentrum har gjort.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv).  (Foto: Illustrasjon)

Fråsegnsras for nynorsk i Vestlandsregionen

I alt 476 av til saman over 600 høyringsfråsegner om Vestlandsregionen gjekk inn for nynorsk. Berre 10 fråsegner ville ha bokmål eller språknøytralitet i den nye storregionen, viser ei oppteljing som Nynorsk kultursentrum har gjort.

Fylket: Saman med Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) oppmoda Nynorsk kultursentrum i oktober folk og lag til å slå eit slag for nynorsken i dei opne høyringsrundane i dei tre fylka som har avtalt at dei ønskjer å slå seg saman, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Håpet var at minst 250 av høyringsfråsegnene skulle gå inn for nynorsk som administrasjonsspråk i ein eventuell ny region. Det vart nesten dobbelt så mange.

– Høyringa stadfestar kor viktig nynorsk er for mange på Vestlandet, og kor viktig det er for folk andre stader i landet at den nye regionen blir nynorsk. Dei overveldande mange fråsegnene viser eit personleg språkpolitisk engasjement som er sterkare enn vi våga å håpe på, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Mållaget, Ungdomslaget og Nynorsk kultursentrum ber i eit brev til dei folkevalde i dei tre fylka om at dei tar stilling til språkspørsmålet no.

«I respekt for demokratiske spelereglar og dei som har teke imot invitasjonen til å engasjere seg i regionsaka, bør fylkestinga ta stilling no. Det er fylkestinga dei har valt, dei som har ytra seg, og det er til desse fylkestinga dei har vendt seg med meiningane sine. Då må ikkje dette reduserast til ei oversendingssak til eit organ ingen har røysta på», heiter det i brevet, som alle fylkestingsmedlemmene fekk fredag.

Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane skal behandle intensjonsavtalen om Vestlandsregionen denne veka. I Rogaland kjem saka opp 13. og 14. desember. (©NPK)

Til toppen