VEKKE: Blant anna ei rekkje vekter frå stativet i front av biletet til venstre og vektstenger har forsvunne frå treningsstudioet i Lavik.
VEKKE: Blant anna ei rekkje vekter frå stativet i front av biletet til venstre og vektstenger har forsvunne frå treningsstudioet i Lavik. (Foto: Lavik IL/collage)

Fråstole treningsutstyr for 25 000 kroner

Mykje treningsutstyr har blitt teke frå «Trivselskjellaren» på gamleskulen i Lavik ein gong i løpet av dei siste vekene.

Lavik: Treningsutstyr for 25 000 kroner har forsvunne frå «Trivselskjellaren» på gamleskulen i Lavik, skriv Firda. Lars Anders Af Geijerstam la ut bilete av treningsrommet på Facebook-sida til Lavik IL. 

Trenignslokala har vore stengde i fleire veker på grunn av koronasituasjonen, og Af Geijerstam meiner difor at utstyret må ha blitt teke mellom 11. mars og 1. april. Det er ikkje teikn på innbrot, men naudutgongen har vore i bruk. 

– Naudkoppen over vridaren til utedøra i gymsalen var vekke og døra ulåst, så eg tvilar på at dette er lån, skriv han på Facebook.

TEKE: Alt som er sett ring rundt har nokon forsynt seg av på treningsstudioet. Foto: Lavik IL

Af Geijerstam trur ikkje det er nokon av medlemene som har teke utstyret. 

– Mange veit at vi har eit treningssenter her. Når eg ser på kva som er stole, så trur eg ikkje at det er nokon av medlemmane våre som har tatt det, seier han til Firda. 

Han seier at tjuveriet vil bli meld til politiet. 

Dette har blitt stole: 

  • 2 x 220cm olympiske vektstenger, for 50mm skivehol
  • 1 x curlstang, for 50mm skivehol
  • 4 x 20 kg blå vektskiver
  • 4 x 15 kg gule vektskiver
  • 4 x 10 kg svarte vektskiver
  • 4 x 5kg raude vektskiver

Alle vektskivene er av merket Cassal Sweden, og vil vere lett å kjenne att fordi dei vart vaska med sterkt salmiakkvatn i vinter og vart skjoldete.

  • 2 x 16 kg gule kettlebells
  • 1 x 24 kg grøn kettlebell
  • 1 x 28 kg oransje kettlebell

Alle av merket Sportsmaster. 

Til toppen