FREDSSEMINAR: I slutten av april inviterer Marianne Skudal og Sogn jord- og hagebruksskule til fredsseminar i Aurland. Foto: Marianne Skudal.
FREDSSEMINAR: I slutten av april inviterer Marianne Skudal og Sogn jord- og hagebruksskule til fredsseminar i Aurland. Foto: Marianne Skudal.

Fred og solidaritet i ei verd i endring

Det er temaet når Sogn jord- og hagebrukskule inviterer til fredsseminar i slutten av april. Gjennom ei heil helg skal ulike meiningar og kulturar møtast, der målet er auka kunnskap om kvarandre. 

Aurland: Det var i samband med at Aurland skulle få eit asylmottak at ein av arrangørane, Marianne Skudal, fekk ideen om fredsseminaret som eit godt høve til å ta imot flyktningane.

– Her kunne lokalbefolkinga møte flyktningane og bli kjende med kvarandre, og ein kunne få kunnskap om bakgrunnen, kor dei kjem frå og korleis det er å koma til eit nytt land, fortel Skudal.

Utveksling av kultur

Ho har sjølv vore ein del på Vestbreidden og jobba med barn. Saman med Unni Underdal og Cecilie Bugge forsøker dei å fortelja om forholda barna lever under.

– I utgangspunktet var dette eit privat initiativ, men så har det vakse på seg. No er det skulen som arrangerer. Gjennom helga blir det mykje kultur og musikk, samt foredrag og debatt. Me har fått veldig god respons frå lokalbefolkninga. 

Helga opnar med konsert med Berit Opheim. I tillegg kjem mellom anna Marthe Valle, som har fått Spellemannsprisen. Laurdag blir det paneldebatt med i Trudvang, der tema er korleis ein kan skape fred og solidaritet i ei verd i endring.

Paneldebatt

Fredrik Græsvik, Hanne Heszlein Lossius, Hiam Al-Chirout, Aksel Hugo og Anne Magrete Hatlelid, som er mottaksleiar i Årdal, skal delta.

– Personane som deltar skal belyse krigen med Fredrik. Hanne kan seie noko flukta. Ho er lege og journalist og tar imot flyktningar på strendene i Lesbos. Etter ho kan Anne Margrete seier noko om det å drive mottak og kva ein gjer for å integrere flyktningar.

– Hiam fekk årets innvandrarprisen i 2009 og jobbar med integrering av arabiske kvinner i det norske samfunnet. Til slutt skal Aksel seier noko om jordbruksskulen og kva dei og lokalmiljøet kan gjere for å lage ein god kvardag, fortel Skudal. 

Til toppen