OPNAR: Fredag ettermiddag opnar Sognefjellet att etter vinterdvalen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OPNAR: Fredag ettermiddag opnar Sognefjellet att etter vinterdvalen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Fredag opnar vegen over Sognefjellet

Fredag opnar vegen over Sognefjellet etter vinterdvalen.

Turtagrø: Statens vegvesen ligg føre skjema på brøytinga av Sognefjellet og melder no at fjellovergangen vert opna fredag ettermiddag klokka 16.00.

Eigentleg skulle ikkje vegen opna før i neste veke. Vegen kjem framleis til å vere stengt på nattstid frå 20.00 til 08.00 neste dag.

Store delar av vegen på totalt 248,1 kilometer har status som nasjonal turistveg, og om sommaren (frå mai til september) køyrer det i gjennomsnitt 600 køyretøy dagleg på vegen. I juli er talet omtrent dobla, ifølgje tal frå Statens vegvesen.

Fylkesvegen går m ellom Vadheim i Høyanger og Dragsvik i Balestrand og mellom Stedje i Sogndal og Lom. I tillegg er vegen kopla på Tindevegen som går ned til Årdal. Sistnemnde er venta å opna i neste veke.

Til toppen